OPS-prosjektet riksvei 555 Sotrasambandet. Illustrasjon: Statens vegvesen.

Statens vegvesen lyser ut støykontrakt på nær 250 millionar

I samband med ny riksvei 555 Sotrasambandet lyser Statens vegvesen ut kontrakt på lokale støytiltak på bustader i Bergen kommune og Øygarden kommune.

Kontrakten på nær 250 millionar er utforma som ein fireårig rammeavtale med opsjon på forlenging, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det skal gjerast støytiltak på i underkant av 300 bustader på strekninga frå Loddefjord i Bergen vest til Kolltveit i Øygarden. Bustadene som har fått innvilga støytiltak ligg langs traseen til ny riksveg 555.

Arbeidet skal etter planen starte sommaren 2021.

Arbeidet med støytiltak vert starta opp før signering av OPS-kontrakten for nytt Sotrasamband. Det er mange bustader som skal ha støytiltak og arbeidet vil difor òg gå parallelt med gjennomføringa av OPS-kontrakten, som etter planen har oppstart hausten 2021.

Prekvalifisering

Gjennom prekvalifisering vert kontrakten tildelt inntil tre entreprenørar. Deretter vil entreprenørane konkurrere på oppdrag gjennom eigne avrop innanfor rammeavtala.

Byggeleiar i Statens vegvesen Birger Ræmisch Matthiessen satsar på kontraktsignering til våren.

- Planen vår er å tildele kontrakten i løpet av april 2021, og dei første arbeida kan setje i gang i løpet av neste sommar. Kontraktsmodellen som er vald gjer arbeidet føreseieleg for Statens vegvesen i gjennomføringa. Samstundes er vi sikra konkurranse på kvalitet og pris gjennom avrop på rammeavtaler, seier han. 

I rute

Det er førebuande arbeid langs Bildøyvegen og Arefjordsvegen. I tillegg er trekking av nye høgspentkablar i tunellane mellom Godvik via Sotrabrua til Litlesotra godt i gang. Når høgspentlinja er lagd om, startar rivinga av den gamle høgspenttraseen, slik at alt er klart til byggestart for OPS-kontrakten hausten 2021.