SSB: Små endringar i byggjekostnadene

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,2 prosent frå juli til august i år og var 3,3 prosent høgare enn i august 2013.

Arbeidskraftkostnadene steig 0,5 prosent, mens materialkostnadene var uendra i same periode.

Kostnadene for bygging av einebustader av tre auka 0,2 prosent, medan bustadblokker auka med 0,4 prosent frå juli til august i år. Lønnsstatistikk for 2. kvartal 2014 er rekna inn i byggjekostnadene for august, og er dermed hovudårsaka til kostnadsauken frå juli.

Frå august 2013 til august 2014 steig kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med respektive 3,7 og 2,6 prosent.