Foto: Statens vegvesen

Snart åpner E39 Eikåstunnelen

16. oktober er deadline for prosjektleiar Steinar Eide & Co på Vågsbotn-Hylkje i Hordaland. Før den tid skal mykje på plass.

- Det er svært viktig at alt elektronisk utstyr og nødutstyr fungerer, seier prosjektleiar Eide, til vegvesen.no. Ellers kan vi ikkje opne tunnelen.

Arbeid som skjer no er montering og testing av elektronisk utstyr på heile anlegget. Både leverandør, entreprenør og Vegtrafikksentralen (VTS) deltar i dette arbeidet. Og det er VTS'en som skal kunne styre det heile.

I veke 39 skal det vere brannøving der alle naudetatar og politi er med.

Anleggsgartnaren driv med steinsetting der det manglar. Her vert montert og justert skilt, busstoppen i Åsamyrvegen skal gjerast ferdig samt kontrollplassen.

Siste asfaltlegging og vegmerking skal også vere på plass før "snorklyppet"