Sivilingeniør/ingeniør Elektroteknikk Norconsult Førde

Norconsult AS er med sine 3000 tilsette Noregs største fleirfaglege rådgivar retta mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tenester nasjonalt og internasjonalt knytt til bygg og eigedom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerheit og vatn og avløp. Selskapet er eigd av dei tilsette. Hovudkontor er i Sandvika, og det er meir enn 80 andre kontor i Noreg og utlandet.

Firma Norconsult
FylkeSogn og Fjordane
StedFørde
Søknadsfrist15.12.2016

Norconsult i Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal og Årdal. Vi utfører tenester innan areal- og byplanlegging, veg- og trafikkplanlegging, landskapsarkitektur, industri/maskin (prosess), kraftverk, VVA (veg, vatn, avløp), brannteknikk, byggje- og anleggsteknikk, VVS, elektro, landmåling, byggjeleiing og prosjektadministrasjon. Vi har i dag over 40 medarbeidarar i Sogn og Fjordane.

Vi søkjer etter dyktige sivilingeniørar og ingeniørar med nokre års erfaring innan elektroteknikk. Vårt miljø innan Elektroteknikk utgjør i dag omlag 200 Sivilingeniørar og ingeniørar i Noreg. Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetansemiljø.

Vi ønskjer primært tilsetting ved Førde-kontoret vårt, men andre kontorstadar i Sogn og Fjordane kan vere aktuelle.

Aktuelle arbeidsoppgåver kan være:

  • Planlegging og prosjektering av elektro-installasjonar i bygg og anlegg, eventuelt infrastruktur anlegg
  • Automatisering og instrumentering i alle typar bygg og anlegg
  • Modellering og varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.
  • Utarbeide anbodsdokument og kostnadsoverslag
  • Oppdragsleiing og oppfølging på byggeplass
  • Bidra innan marknadsføring og sal

Ønska kvalifikasjonar:

  • Universitets- eller høgskuleutdanning
  • Helst nokre års erfaring frå rådgjevande- eller entreprenørverksemd
  • Fagbrev som elektromontør el.l i tillegg er eit pluss
  • Flink til å formulere deg munnleg og skriftleg
  • Engasjert og analytisk
  • Kreativ og løysingsorientert
  • Gode evner og interesse for fagområdet
  • Utadvendt og omgjengeleg, likar å arbeide i team
  • Noko erfaring med modellering og berekning med moderne 3D programvare og bruk av open BIM

Vi tilbyr:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Spennande prosjekt i eit tverrfagleg miljø
  • Store faglege utfordringar med mogligheit til å utvikle deg vidare saman med dyktige medarbeidarar
  • Tverrfaglig miljø med samarbeid innan fleire ulike fag-kategoriar
  • Miljøbevisst samfunnsplanlegging
  • Godt arbeidsmiljø og eit godt sosialt miljø
  • Eigarskap i eigen bedrift
  • Fokus på kompetanse- og personalutvikling
  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Stillinga vil vere utviklande og utfordrande for den rette person. Innanfor fagområde er det i dag utstrakt fagleg samarbeid på tvers av kontora. Norconsult har både regionale og landsdekkande faglege nettverk som du vil bli ein del av.

Innsending av søknad

Søknad med CV, vitnemål og attestar sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Send søknad

Kontaktperson

Lars-Idar Vegsund

Avdelingsleder Førde

tlf.: +47 45404686

Send e-post

Vis flere stillinger: