Sivilingeniør/ingeniør brann- og konstruksjonssikkerheit

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) er eit nasjonalt kompetansesenter på bygningsområdet og sentral myndigheit på fleire område innan bygningsdelen av plan- og bygningsloven.

Direktoratet er tilsynsmyndigheit for byggjevaremarknaden og ansvarleg for den sentrale godkjenningsordninga for føretak med ansvarsrett. Regelverket er viktig for det enkelte byggverket og det bygde miljøet, og direktoratet skal ha innsyn i korleis reglane verkar. Direktoratet si oppgåve er åauke kunnskapen om byggjereglar og byggjesaksprosess i næringa, i kommunane og blant bustad- og byggjeigarar.

Vi er i dag 90 tilsette, og har kontor i Oslo og på Gjøvik. Direktoratet for byggkvalitet er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Firma Direktoratet for byggkvalitet (DiBK)
FylkeOslo
Søknadsfrist04.10.2020

Vi søker ein ny medarbeidar i Oslo innan brann- og konstruksjonssikkerhet. Du vil bli ein del av det spennande fagmiljøet vårt som har ansvar for å utvikle morgondagens krav til byggverk. Vi utviklar også kunnskap om byggsektoren, effektar av regelverket og ser på samanhengen mellom ulike bygningspolitiske verkemiddel. Vi tilrettelegg regelverket for digitalisering.

Arbeidsoppgåver

  • Kunnskap om brukarbehov og effektar av dei ulike verkemidla som skal fremje byggkvalitet generelt, og brann- og konstruksjonssikkerheit spesielt.
  • Utvikle kunnskap om korleis byggereglar og andre verkemiddel fremjar kvalitet.
  • Delta i arbeidet med utvikling av byggteknisk forskrift med tilhøyrande rettleiing, og arbeidet med digitalisering av regelverket.
  • Samarbeid med byggenæringa, FoU-miljøet, interesseorganisasjonar og andre myndigheiter.
  • Delta i nasjonalt og internasjonalt samarbeid og standardiseringsarbeid.
  • Bidra med formidling av kunnskap om regelverket.

Kvalifikasjonar
  • Utdanning på master- eller bachelornivå i ingeniørfag innan bygg.
  • Kompetanse innan brann- og konstruksjonssikkerheit.
  • Solid erfaring frå byggenæringa, gjerne frå prosjektering eller entreprenørverksemd.
  • Arbeidsoppgåvene i stillinga gjer at du må kunne norsk munnleg og skriftleg og i tillegg ha gode engelskkunnskapar.
  • Erfaring med prosjektleiing.
  • Kunnskap om byggteknisk forskrift og anna sentralt regelverk blir lagt vekt på.
  • God digital forståing og kunnskap om politiske prosessar.

Personlege eigenskapar

  • Du har eit breitt fagleg engasjement og har interesse for byggsektoren og våre bygde omgjevnader.
  • Du er systematisk, og kan jobbe godt både sjølvstendig og saman med andre.
  • Du har evne og vilje til å sette deg inn i nye fag- og arbeidsområder.
  • Du likar å vera prosjektleiar.
  • Du likar å bygge relasjonar både internt og eksternt.

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i eit godt og hektisk arbeidsmiljø, på eit område som får stor politisk merksemd.
  • Høve til fagleg utvikling i eit breitt samansett fagleg miljø.
  • Stillinga blir løna etter kvalifikasjonar som overingeniør eller senioringeniør med årsløn frå kr 550 000 - kr 900 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse med ei god tenestepensjonsordning, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring og høve til bustadlån etter reglar fastsett av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
  • Statens arbeidstidsordningar og ein god personalpolitikk.
  • Moglegheit for trening i arbeidstida.
  • Arbeidsstad er i vårt hyggelege lokale sentralt i Oslo.

Vi er opptekne av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte til å søke jobb hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne og etnisitet.

Direktoratet er ein del av statens inkluderingsdugnad og vi oppmodar kvalifiserte søkarar som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV, om å søke. Vi gjer merksam på at denne opplysninga kan bli brukt til statistikkføremål jf. regjeringa sin inkluderingsdugnad.

Direktoratet er omfatta av offentleglova som gjev rett til innsyn i søkarlister. Søkaren kan bli offentleggjort sjølv om ein har bede om å bli unnateke offentleggjering. Vedkomande vil i så fall bli varsla før eventuell offentleggjering skjer.

Kontaktinformasjon

Christine Molland Karlsen

Avdelingsdirektør

951 67 814

cmk@dikb.no

Søk stilling

Vis flere stillinger: