Sikring kostar 60 millionar

Tunnellsikring av den svært rasutsette Alnesvegen på Godøya vil koste omlag 60 millionar kroner. Det seier distriktvegsjef i Statens Vegvesen på Sunnmøre, Kirsti Slotsvik tilo NRK.

Slotsvik seier dei kan starte arbeidet med sikringa ganske raskt dersom fylket får på plass finansieringa. Ho meiner dei vil kunne vere klare i løpet av vel eit halvt år. Søndag gjekk eit nytt ras som isolerer dei 300 innbyggarane. No byrjar både bygdefolket og lokalpolitikarane å bli høgrøysta i kravet om trygg veg. Det siste raset gjekk søndag.(Foto: Tor Sivertstøl) To alternativ Når fylkesutvalet blir samla i dag får dei presentert to alternativ til sikring, sier Slotsvik. Alternativet vegvesenet har sett mest på er å sikre den eksisterande vegen ved hjelp av tunnelar på dei mest rasutsette delane av vegen. I tilleg vurderer dei å gå bak eksisterande tunnelar med ein ny. Eit alternativ som også har vore nemnt er tunnel tvers gjennom Godøya. Prisen for dei to alternativa er omlag lik. Hastar Hittil har ingen menneskeliv gått tapt i rasa, men bygdefolket kjenner redsla i kroppen kvar dag. I dag blir altså ballen spelt over til fylkespolitikarane. Er dei villige til å betale 60 millionar kroner for trygg veg? Rådet frå Statens Vegvesen er klart: Det er tydeleg at det skjer noko i fjellet der, og eg vil seie at det hastar, seier distriktvegsjef i Statens Vegvesen på Sunnmøre, Kirsti Slotsvik.