Sekretariatsleiar Bypakken Nord-Jæren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist19.04.2015

Vil du vere med å gjennomføre ei av dei største satsingane på samferdsle i Noreg?

Bypakke Nord-Jæren er ein bompengepakke for kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg. Bypakken gjeld i 15 år, frå 1. januar 2017 til og med året 2031.

Totalt er det planlagt å bruke 25 milliardar kroner på ulike prosjekt.

Bypakken har to hovudmål: Nullvekst i personbiltrafikken i byområdet på Nord-Jæren og god framkomst for alle trafikantgrupper, der hovudvekta er på kollektiv, sykkel, gange og næringstransport.

For å nå desse måla er det føreslått at cirka 70 prosent av bompengane skal brukast til kollektiv, sykkel og gange. Cirka 30 prosent er føreslått å gå til vegbygging.

Rogaland fylkeskommune, kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg, Jernbaneverket og Statens vegvesen skal opprette eit administrativt sekretariat for å legge til rette for god gjennomføring av bypakken.

Vi søkjer ein leiar for sekretariatet

Leiaren skal rapportere til Styringsgruppa for Bypakke Nord-Jæren, som består av fylkesordføraren i Rogaland, ordførarane i Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg, jernbanedirektøren og vegdirektøren. Vegdirektøren leiar styringsgruppa og Fylkesmannen i Rogaland har ei observatørrolle.

Sekretariatet skal støtte styringsgruppa og ansvarlege partar med god styring av prosjektportefølja i Bypakke Nord-Jæren.

Stillinga er formelt plassert i Statens vegvesen Region vest, men tilsettinga skjer etter innstilling frå styringsgruppa. Arbeidsplass er i Stavanger.

Di rolle:

  • Du etablerer og leiar eit sekretariat tilpassa styringsgruppa sitt behov for eit felles apparat for gjennomføring av Bypakke Nord-Jæren
  • Du rapporterer til styringsgruppa
  • Du har det daglege ansvaret for oppfølging av dei andre sekretariatsmedarbeidarane

Sekretariatet skal førebu beslutningsgrunnlag og styringsdokument for styringsgruppa og partane i Bypakke Nord-Jæren. Sekretariatet skal gjennomføre nødvendige utgreingar, lage system for porteføljestyring og risikovurderingar, samt sikre nødvendig rapportering til kommune, fylkeskommune og stat.

Sekretariatet skal legge til rette for godt samarbeid og god koordinering av arbeidet med å gjennomføre Bypakke Nord-Jæren i utførande etatar og organisasjonar. Sekretariatet skal bidra til god koordinering med andre viktige oppgåver knytt til samordna areal- og transportplanlegging i byområdet.

Din profil:

Vi ser etter deg som har høgare utdanning og erfaring frå prosjektleiing og prosesstyring. Stillinga er utfordrande og stiller høge krav til prosjektstyrings- og leiarkompetanse og samarbeid med administrative og politiske organ på alle nivå. Du bør ha god kunnskap om administrative og politiske prosessar generelt og erfaring frå samfunns- og transportplanlegging spesielt.

Som leiar er det viktig at du kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og viser handlekraft gjennom fagleg styrke. Du er analytisk, sjølvstendig og god til å samarbeide med andre. Det er eit pluss viss du også er flink til å skape eit godt arbeidsmiljø. Gode kommunikasjonsevne og høg grad av integritet og objektivitet er viktig for denne leiaroppgåva.

Vi tilbyr:

  • utfordrande oppgåver og moglegheit til å skape eit spennande fagleg miljø
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og moglegheit til lån i Statens pensjonskasse

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. Tilsetting snarast/etter avtale.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling:

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

For nærare opplysningar, ta kontakt med fylkesordførar Janne Johnsen mobil 48082646 eller regionvegsjef Helge Eidsnes mobil 95894100.

Søk på jobben her

Vis flere stillinger: