Illustrasjonsfoto

Regjeringa vil utvikle Gjøvikbanen

- Omlandet til Gjøvikbanen har store tilgjengelege areal som kan ta sin del av folkeauken på Austlandet. Det er òg positivt at togstasjonane ligg sentralt plassert i tettstadene på strekninga mellom Oslo og Gjøvik.

- Men for å gjere det attraktivt for folk å flytte til områda rundt tettstadene, er det naudsynt med eit betre togtilbod. Vi vil difor ha ei grundig vurdering av kva som er mogleg å gjere for å betre togtilbodet på Gjøvikbanen, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet sendte tirsdag brev til Jernbaneverket om å vurdere kva for tiltak som kan bidra til meir togtrafikk på strekninga Oslo–Gjøvik. Jernbaneverket skal mellom anna sjå på:

* behov for nye tog, mellom anna om det er mogleg med vogner med to etasjar

* behov for utbetring av infrastrukturen, til dømes med fleire og lengre kryssingsspor

* moglege løysingar for å auke frekvensen på banen

Persontransporten på Gjøvikbanen blei konkurranseutsett i 2005. NSB Gjøvikbanen vant då konkurransen, og har avtale med staten om å drive persontransport ut 2017.

Ein viktig del av jernbanereforma som regjeringa arbeider med, er innføring av konkurranse om persontransport. Reformarbeidet omfattar mellom anna vurderingar av kva for trafikkpakker som i framtida skal inngå i utlysing av konkurransar.

Jernbaneverket skal vurdere om persontransporten på togstrekninga kan lysast ut som ei eiga trafikkpakke i neste omgang. Alternativt kan det vere betre for konkurransen at Gjøvikbanen lysast ut saman med andre togtilbod i Austlandsområdet.

Jernbaneverket er bede om presentere vurderingane i ein rapport innan 30. november 2014.