Regionkontakt kulturminneforvalting

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist16.03.2015

Ved Byggherreseksjonen på Veg- og transportavdelinga har vi ledig stilling som regionkontakt for arbeidet med Statens vegvesen Region vest sine eigne kulturminne.

Hovudoppgåver:

Koordinere og følge opp den regionale delen av Statens vegvesen sin nasjonale verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne. Dette vert gjort i samarbeid med vegavdelingane og med forankring i Vegdirektorat ved Norsk vegmuseum og miljøseksjonen.

  • Vere bindeleddet mellom kulturminnekontaktane på vegavdelingane, og Vegdirektoratet/Norsk vegmuseum.
  • Utarbeide og følge opp plan og budsjett for tiltak i regionen, i samarbeid med vegavdelingane
  • Samarbeide museumsfagleg med Vegdirektorat ved Norsk vegmuseum
  • Samarbeide med fylkeskommunar og berørte kommunar i saker som gjeld etaten sine faste kulturminne, med andre offentlege organ, og med privatpersonar og interesseorganisasjonar der dette er naturleg og hensiktsmessig.
  • Informere og formidle internt og eksternt
  • Generell sakshandsamling
  • Leie det faglege arbeidet knytt til drift av regionen si regionale magasinsamling i Dirdal, Rogaland

Stavanger er ønskeleg som kontorstad, men Leikanger eller Bergen kan vurderast avhengig av søkjarar.

Kvalifikasjonskrav:

Utdanning frå universitet/høgskole, min. 3 år, med (kultur)historiske fag, historie og/eller (veg)tekniske fag i fagkrinsen. Kjennskap til offentleg forvalting, erfaring frå kulturminnevern eller museum, og kjennskap til vegbygging/anleggsverksemd, er ønskjeleg, men ikkje ein føresetnad.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og med gode personlege føresetnader for stillinga kan kravet til utdanning fråvikast.

Stillinga krev:

  • gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
  • gode evner til samarbeid og nettverksbygging
  • gjennomføringskraft
  • sjølvstendigheit evne til å prioritere, fagleg og økonomisk

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stillinga her

Kontaktpersonar:

Øyvind Haaland

mob: +47 97669980

Vis flere stillinger: