Rassikringa i gang ved Tysdalsvatnet

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa var strålande fornøgd då ho i dag fekk ta første spadestikk i rassikringsprosjektet på rv. 13 ved Tysdalsvatnet. –Det er sjeldan det går så fort å kome i gang med eit byggeprosjekt, sa ho. Dette er veldig bra.

Både fylkesordføraren og ordførarane i Strand og Hjelmeland var til stades saman med ministeren, skriver Statens vegvesen på sine nettsider.

– Vi er glade for å kome i gang med arbeidet og set pris på at Samferdsleministeren er med på å synleggjere kor viktig dette rassikringsprosjektet er, seier Astrid Eide, avdelingdirektør for Statens vegvesen i Rogaland.

Spadestikket i dag er starten på bygginga av ein 3500 meter lang tunnel i fjellet bak Tysdalsvatnet, frå Vatne til Skreppeneset. I tillegg kjem 1600 meter veg og gang- og sykkelveg. Staten skal bidra med 150 millionar kroner, medan Rogaland fylkeskommune forskoterer restbeløpet, der også kommunane har bidratt i eit spleiselag.

– Dette har gjort det mogeleg å starte rassikringssprosjektet så raskt, seier Astrid Eide.

Fylkesordførar Tom Tvedt var også glad for at arbeidet med den nye tunnelen starta i dag.

– Dette er skikkeleg dugnadsånd, sa han.

Statens vegvesen er byggherre for prosjektet, og Veidekke er totalentreprenør.