Rådgjevar akustikk

Norconsult er Noregs største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er heileigd av våre over 4 400 medarbeidarar som er stasjonert på 113 kontor over heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

FirmaNorconsult
FylkeVestland
StedVoss
Søknadsfrist08.11.2020

Fagmiljøet vårt innan akustikk består av omlag 30 rådgjevarar i Norge. Tre av desse har kontorplass på Voss, og me ynskjer å styrkja dette miljøet for å dekkja den stadig aukande etterspurnaden på Vestlandet og resten av landet.

Me er i dag åtte medarbeidarar på Voss innan faga akustikk, VVS, VA, arkitektur, plan og geoteknikk. Voss er ein del av eininga Hardanger og Voss med over 30 medarbeidarar på kontorplassane Odda, Eidfjord, Rosendal og Voss. Norconsult byr på varierte oppgåver som gjev gode høve for karriere i inn- og utland.

Du vil vera medarbeidar i små og store oppdrag i samband med prosjektering, lydtekniske berekningar/teoretiske analysar, samt lydmålingar i felt. Du vil også delta i tverrfaglege team og løysa dei utfordringane som me til ein kvar tid har påteke oss.

Som tilsett i Norconsult vil du delta i vårt faglege nettverk innan akustikkrådgjeving, der me utvekslar fagleg kunnskap, arbeidsmetodar og verktøy på tvers av kontor innanfor i organisasjonen. Som kompetansedelingstiltak vert det arrangert blant anna fagseminar og videokonferansar om utvalde tema.

For oss er det viktig at du:

  • Har bachelorgrad eller høgare, helst innan akustikk
  • Har relevant arbeidserfaring
  • Har interesse og engasjement for faget
  • Har gode samarbeidsevner
  • God evne til både skriftleg og munnleg framstilling på norsk

Hjå oss får du:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer
  • Aktivt fagnettverk med jamlege samlingar
  • Godt arbeidsmiljø fundamentert på ein sterk bedriftskultur
  • Fokusering på kompetanse- og personalutvikling
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter mm

Voss:

På Voss kan du dyrka dine fritidsinteresser i blant anna to av Noreg sine største alpinanlegg eller i oppkøyrde langrennsløyper. Her kan du gå på fjellet, jakta, fiska eller driva med ekstremsport. Me har eit rikt kultur- og aktivitetstilbod med blant anna Vossajazz og Ekstremsportveko. Voss er ein god plass å bu med korte avstandar og mange gode og trygge møteplassar.

Innsending av søknad:

Ta gjerne uforpliktande kontakt med avdelingsleiar Frode Atterås tlf. 92 40 76 88. Søknad med CV, vitnemål og attester kan sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider.

Send søknad


Vis flere stillinger: