Rådgivar innan HMS og kvalitetssikring

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist01.10.2014

Ved Prosjektavdelinga i Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som rådgivar innan HMS og kvalitetssikring

Statens vegvesen har ledig stilling som rådgivar innan HMS og kvalitetssikring knytta til Prosjektavdelinga i Region vest. Region vest omfattar fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Kontorstad vil vere Leikanger då stillinga inngår i staben til avdelinga. Det må reknast med ein del reising i stillinga.

Som rådgivar innan HMS og kvalitetssikring vil du vere med på gjennomføring av mange ulike prosjekt i ein ekspansiv region, alt frå planstadiet til og med bygging. Det vil bli lagt vekt på at du har bakgrunn frå praktisk oppfølging.

Arbeidsområde:

Som rådgivar vil du få ansvar for koordinering og samhandling innan prosjektavdelinga. Det omfattar prosjekt i alle tre vestlandsfylka og representerte i 2013 ei omsetning på rundt 3 milliardar kroner. Vidare vil du vere den som får ansvaret for å implementere endringar i ulike regelverk, interne og eksterne, slik at kvaliteten og forståinga blir einsarta. Du må rekne med å jobbe tett med prosjektleiarar, HMS-koordinatorar samt leiinga av avdelinga. Arbeidet med kvalitetssikring og ytre miljø vil ha same føringar.

For å sikre dette må du vere fleksibel til reising innad i regionen og i forhold til andre sentrale føringar som ville måtte kome. Det er og viktig at du har eit tett samarbeid med andre avdelingar og seksjonar internt i Statens vegvesen.

Stillinga er utfordrande og stiller høge krav til deg både når det gjeld evne til å oppdatere deg på endringar fortløpande og til di evne til å vidareføre og samarbeide med prosjekt og prosjektsjef sin stab om dette.

Kvalifikasjonar:

Vi forventar at du har utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, og at du har god erfaring og kompetanse innan HMS og kvalitetssikring. Allsidig praksis innan dei aktuelle områda og gode personlege føresetnader, vil bli vektlagt i tillegg til kravet om formell utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi søkjer deg som ein initiativrik og resultatorientert person med evne til formidling og koordinering. Du bør vere utadvent, konstruktiv, ha evne til samarbeid og god dialog samt følgje opp at krav og rammer blir gjennomførte ved å utvikle medarbeidarane.

Stillinga krev at du er sikkerheitsklarert eller at du kan bli det.

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om vedkomande har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Lønnsvilkår:

Løn etter avtale i samsvar med etatens lønspolitikk. Det vert trekt 2% av løna til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og muligheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll

Søk her

Kontaktpersonar:

Kjartan Hove

tlf: +47 57655708

mob: +47 90110586