Firma | GK Inneklima Førde/Sogndal |
Fylke | Vestland |
Sted | Førde eller Sogndal |
Søknadsfrist | 25.10.2020 |
Vil du jobbe med å skape energieffektive bygg?
GK søkjer etter prosjektleiar til vår kontorstad i Førde og/eller Sogndal
Er du vår nye prosjektleiar? Vi ser etter deg som er metodisk og systematisk, planlegg og gjer klare prioriteringar. Du forstår raskt komplekse spørsmål, føretek sunne og rasjonelle vurderingar, handlar på eige initiativ, og tek samstundes ansvar for resultatet. Du har fokuset ditt på sluttlinja, og identifiserar risiko og finansielle konsekvensar av eigen aktivitet. Med andre ord har du orden på eigne prosjekt.
Du etterlever organisasjonens reglar og prosedyrar, utførar planar med engasjement og utholdenheit, oppnår kvalitetsmessig gode resultat. Du samarbeidar godt, delar kunnskap, erfaringar og informasjon, støttar andre for å nå teamets mål.
Både nyutdanna og dei med meir erfaring oppfordrast til å søkje!
GK Nordvest har totalt 84 tilsette innan ventilasjon, service, byggautomasjon, kulde og energi, der 33 av dei er lokalisert i Sogndal og Førde. Med so mange kompetente medarbeidere vil du bli ein del av eit særs godt kompetansemiljø som du kan utvikle deg vidare i. Vi er opptatt av berekraft og har stort fokus på innovasjon og utvikling, og ynskjer å vere ein pådrivar for ein meir berekraftig bransje. Difor er vi opptatt av å levere høg kvalitet som sikrar gode bygg med sunn driftsøkonomi også for neste generasjon.
Arbeidsoppgåver:
- Leie og følgje opp eigne prosjekter på byggjeplass
- Teknisk, økonomisk og framdriftsansvar for eigne prosjekt
- Oppfølging av underleverandørar/partnarar
- Kundekontakt og salg
- HMT- og kvalitetsansvarleg for eigne prosjekt
- Fagområde er ventilasjon, kjøling, automatikk og enøk
Foretrukne kvalifikasjonar:
- Ingeniørkompetanse VVS/elektro-bransjen
- Relevant erfaring er ein fordel, gjerne bakgrunn fra handverksfag
- Resultatorientert
- Evne til god kommunikasjon
- Utadvendt og serviceinnstilt
- Generelt god IT-kunnskap
Vi kan tilby:
- Ei interessant stilling i eit selskap i utvikling, i eit stort konsern med solid økonomi
- Utfordrande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter
- Kurs og etterutdanning
- Gode datasystem for prosjekt- og økonomistyring
- Gode pensjons-, løns- og forsikringsforhold
- Bil- og telefonordning
Har du spørsmål til stillingen kan du kontakte Johan Gjøringbø og Åge Ruud.
Kontakt
Åge Ruud
Avdelingsleder
48996141
Johan Gjøringbø
Avdelingsleder
91154597
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter GK Inneklima Førde/Sogndal, Førde eller Sogndal
- Fylke Vestland