Prosjektleiar/byggjeleiar/ kontrollingeniør Veg - Voss og Hardanger

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedVoss / Odda / Granvin
Søknadsfrist10.04.2015

Bli med å byggje og vedlikehalde vegnettet i Voss og Hardanger ! Vi søkjer nye prosjektleiarar, byggjeleiar og kontrollingeniør.

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stillingar som prosjektleiar , byggjeleiar og kontrollingeniør. Stillingane inngår i byggherrepoolen i regionen, men vil f.t. vere knytt til vegseksjon Voss og Hardanger, avdeling Hordaland.

I området driftar og vedlikeheld vi vegnettet, byggjer ny veg og gjennomfører ei rekkje mindre utbetringstiltak årleg. Dette er utfordrande oppgåver som krev stor fagleg innsikt og høge krav til dei som skal leie arbeidet.

Prosjektgruppa innvestering, der vi søkjer prosjektleiar og byggjeleiar, gjennomfører mange små og store tiltak årleg. Som prosjektleiar skal du samordne og koordinere dette arbeidet på ein slik måte at vi når våre mål om leveranse til rett tid og kvalitet. Byggjeleiaren er ein av fleire viktige medspelarar i dette arbeidet.

Prosjektgruppa drift og vedlikehald, der vi søkjer prosjektleiar, har som hovedoppgåve å gjennomføre driftskontraktene i Voss og Hardanger. Kontraktene går over fleire år, og innheld ei rekkje utfordrande og krevjande vegstrekningar. Både riks- og fylkesvegar inngår i kontraktene, og det er utfordringar frå sjø til høgfjell i området.

Ras-sikringsprosjektet Lussandberget, Fv 7., der vi har eit ledig engasjement som kontrollingeniør, vil hovedfokuset vere å sikre rett kvalitet innan betongarbeid, men andre fagområde må og påreknast. Prosjektet er eit av fleire ras-sikringsprosjekt i området, og har kontorstad i Granvin.

Arbeidsoppgåver - Prosjektleiarar

  • HMS fokus: Være aktiv og legge til rette for gode HMS-planar og oppfølging
  • Styring: Gjennom gode prosjektstyringsplanar avklare ansvar for alle
  • Gode planar: Koordinere prosjektering og utarbeiding av planar og konkurransegrunnlag.
  • Sikre leveranse: Gjennom byggjeleiingsorganisajsonen følgje opp kontraktene med fokus på HMS, kvalitet, økonomi og framdrift
  • Samhandle: Samordne og koordinere oppfølginga av kontraktene med entreprenørane
  • God kontakt: Kommunisere og samarbeide med entreprenørar og andre eksterne parter

Vi søkjer personar som kan arbeide i eit til tider sers travelt arbeidsmiljø, da oppgåvene kan variere med årstider og intensitet langs vegnettet i området. Har du prosjektleiarerfaring innan vegfag er det flott, men vi vil gjerne og komme i kontakt med personar som har anna utdanningsbakgrunn og arbeidserfaring. Vi vil gje deg mykje ansvar og du vil få store mulegheiter til å utvikle deg i takt med dei oppgåver du skal løyse. Her kjem du inn i eit godt arbeidsmiljø med mange flotte kollegaer som gjer deg god støtte og hjelp i ein startfase.

Arbeidsoppgåver - Byggjeleiar

  • HMS fokus: Dagleg nytte og følgje opp HMS-planar, og være koordinator
  • Sikre leveranse: Ansvar for gjennomføring av aktuelle kontrakter
  • Rapportering, oppfølging og dokumentasjon i samarbeid med prosjektleiar
  • Rett kvalitet: Teknisk og økonomisk oppfølging av kontraktene i godt samarbeid med kontrollingeniørar
  • Delta og levere fagleg til fleire ulike prosjekt til same tid

Som byggjeleiar søkjer vi ein person som er god på gjennomføring, og samtidig held HMS fokus i arbeidsdagen. Du skal arbeide tett med fleire andre, levere både på eiga kontrakt og samtidig gje støtte og fagleg hjelp til andre i prosjektgruppa. Da det er ulike typer tiltak vi gjennomfører over år vil du og få gode mulegheiter til å utfordre deg sjølv på oppgåver du ikkje har prøvd før. Vi er gode på å gje ansvar og tillit til den enkelte.

Arbeidsoppgåver - Kontrollingeniør

  • kontakt og oppfølging av entreprenørar og andre leverandørar
  • kvalitets- og kostnadskontroll
  • utarbeiding av kontrollplanar
  • oppfølging av HMS ute på anlegget
  • kontroll av dokumentasjon
  • kontroll av målebrev

Vi søkjer etter ein omgjengeleg og målretta person med fagområda veg, bru og gjerne spesielt betongkvalitet. Både kreativitet og evne til systematisk arbeid er viktige eigenskapar i denne jobben. Ein kontrollansvarleg må vere ryddig og real. Evne til å samarbeide med entreprenørane våre er heilt avgjerande, og du bør trivast ute på byggjeplassen.

Kvalifikasjonar og bakgrunn for alle stillingane

Om du har erfaring frå liknande prosjekt som omtala ovafor er du ein aktuell søkjar. Men vi har og god erfaring med å tilsetje personar med anna utdanning og arbeidserfaring, og da ser vi deg og gjerne som søkjar. Vi legg vekt på at du er initiativrik og arbeidar sjølvstendig med oppgåvene. At du er god på, og får andre til å levere rett kvalitet er og viktig for oss. Då får vi gode resultat saman. Mellom oss internt og ut til eksterne må du kunne kommunisere på ein god måte, både munnleg og skriftleg. At du har godt humør og er ein entusiastisk person vil og være med å sikre at vi framleis får eit godt arbeidsmiljø og ein god arbeidsplass .

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Du må synleggjere i søknaden kva stilling du søkjer på. Kontorstad for prosjektleiar og byggjeleiar investering er Voss. For prosjektleiar drift og vedlikehald kan kontorstaden vera Voss eller Odda. Kontorstad for kontrollingeniør er Granvin.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Løna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk her

Kontaktpersonar:

Lars Øyre

tlf: +47 56520230

mob: +47 90825865