Oppgraderinga fortset i Rennfast

No startar andre del av oppgraderingsarbeidet i Rennfast. Statens vegvesen skal betre sikkerheita i tunnelane. Då blir det nye månader med kolonnekøyring.

– Vi startar arbeidet i Byfjordtunnelen måndag 22. september. Den tunnelen skal gjerast heilt ferdig før arbeidet startar i Mastrafjordtunnelen, opplyser prosjektleiar Eivind Stangeland i Statens vegvesen.

Begge tunnelane skal etter planen vere ferdige i april 2015.

Viktig for sikkerheita

Krava til sikkerheitsutstyr i tunnelar er heilt annleis i dag enn då Rennfast vart bygd for over tjue år sidan. Også trafikkmengda har blitt mykje større.

Første del av oppgraderingsarbeidet i Rennfast var ferdig i vinter. Då fekk tunnelane mellom anna kameraovervåking, fleire naudstasjonar og nød- og ledelys.

No blir tunnelane oppgradert med:

• Nytt lys i tunneltaket

• Ny ventilasjon

• Nye fartsgrenseskilt

• Kameraovervåking av bommane på utsida

• 2 nye tekniske bygg i Mastrafjordtunnelen

• Nye transformatorer i tekniske bygg

• Fjernstyrte infotavler på tilførselsvegar

Fleire fordelar

Ventilasjonen blir mykje betre i tunnelane enn med dei viftene som er der i dag.

– Ved ein eventuell brann får vi røyken mykje raskare ut med dei nye viftene. Betre ventilasjon gjer også at det er mindre fare for at tunnelane blir stengte på grunn av høge gassverdiar, forklarer Stangeland.

Med dei nye informasjonstavlene håper ein også at trafikksituasjonen ved uventa hendingar blir betre.

– Informasjonstavlene blir fjernstyrte frå Vegtrafikksentralen. Her kan vi gi informasjon til trafikantane ved hendingar, slik at ikkje trafikken korkar seg ved tunnelane viss dei er stengte. Vi får fleire slike tavler på tilførselsvegane, blant anna så langt sør som på E39 på Ålgård, fortel Eivind Stangeland.