Naturvitar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist26.10.2014

Naturvitarmed interesse for samfunnsplanleggingtil Stavanger

Forholdet mellom miljø, økologi og landskap blir stadig viktigare innanfor fysisk planlegging.

I Statens vegvesen Region vest er det ledig fast stilling for naturvitar på Ressursavdelinga, ved Planseksjonen i Stavanger.

Vi ønskjer oss ein dyktig og engasjert naturvitar med interesse for samfunnsplanlegging. Har du brei naturvitskapeleg utdanning, med til dømes biologi, landskapsøkologi og naturforvaltning, og har du interesse for og erfaring frå arbeid med plansaker, kan du vere den vi er på leiting etter.

Ressursavdelinga har eit samla fagmiljø med om lag 260 medarbeidarar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Leikanger og Stavanger med kompetanse innafor fagområda veg- og bruplanlegging, prosjektstyring og planprosessleiing, landskapsarkitektur, transportplanlegging, arealplanlegging, alle typar landmålingsoppgåver, eigedomsforvaltning, arkitektur, arkeologi, miljøfag, geologi, geoteknikk med fleire. Planseksjonen løyser prosjekta via eigen planlegging eller bruk av konsulentar.

Ressursavdelinga utfører veg- og gateplanlegging på store og små investeringsprosjekt i regionen på ulike plannivå. Prosjekta varierer frå store veganlegg til bygateprosjekt, miljøgateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak, støyskjerming, m.m. Vi utfører i hovudsak planprosessar etter Plan- og bygningslova, samt utgreiingar og analysar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil variere innanfor følgjande område:

  • Koordinering av arbeidsområdet Ytre miljø
  • Utarbeiding av Ytre miljøplanar på regulerings- og byggeplannivå
  • Yte fagleg bistand innanfor fagområdet
  • Deltaking i utarbeiding av konsekvensanalysar
  • Oppfølging av byggjeprosjekt
  • Det kan være aktuelt å arbeide med byggjeplanprosjekt, gjerne i samarbeid med landskapsarkitektar

Arbeidsoppgåvene vil omfatte både eigenproduksjon og konsulentstyring.

Kvalifikasjonskrav

  • Master frå universitet/høgskule, minimum 5 år innan naturvitskapelege fag
  • Ønskjeleg med erfaring i bruk av dataverktøy i planlegginga som ArcView/ArcGis m. fl
  • Det er ønskeleg med nokre års praksis frå nemnde fagområde, men nyutdanna kan også søkje.

Personlege eigenskapar

  • Analytiske eigenskapar og evne til å tenkje heilskapleg og langsiktig
  • Initiativrik, samfunnsengasjert og resultatorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode evner til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • God sjølvinnsiktog høg integritet

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Vi tilbyr og desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eigne leiarutviklingsprogram (for leiarstillingar)
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og tryggerammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidaranes rettar, og sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har mulegheit for fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar, med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den verte godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søk her

Spørsmål om stillingen?

Linda Karlsen Longfjeld

Telefon

51 91 14 03

Vis flere stillinger: