Nabokontakt, prosjektet E39 Svegatjørn - Rådal

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist06.04.2015

Hausten 2015 startar anleggsarbeida på den nye motorvegen mellom Os og Bergen. Her skal det i alt byggjast 18,5 km ny 4-felts veg, av dette ca. 14,5 km i tunnel. Med ein kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner vert prosjektet eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomførd i Noreg. Om du vil vere med på byggherrelaget, må du søkje no!

Statens vegvesen søkjer etter ein dyktig medarbeider til stilling som nabokontakt. Dagleg kontakt med publikum vil vere di hovudoppgåve, i tillegg til mange andre og varierte oppgåver og utfordringar. Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen.

Prosjektkontor skal etablerast på Hamre ved Klokkarvatnet hausten 2015.

Arbeidsoppgåver:

  • Aktiv skriftleg og munnleg dialog med prosjektet sine naboar og nærmiljø
  • Bistå i åpne offentlege møter og arrangement, stands o.l.
  • Ha ansvar for å handtere nabohenvendingar, samt utvikle rutinar for dette
  • Følgje opp henvendingar gjennom intern koordinering og avklaringar med teknisk personell
  • Vere oppdatert på aktiviteten ute på anlegget
  • Bringe naboperspektivet inn i nærinfoer og brosjyrar
  • Samarbeide tett med kommunikasjonsrådgjevar for prosjektet

Kvalifikasjoner og bakgrunn:

Utdanning frå universitet minimum eller høgskule, minimum 2 år, gjerne innan media/kommunikasjon/service eller tilsvarande. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Du må vere initiativrik, ha gode kommunikasjonsevner, beherske godt norsk både skriftleg og munnleg. Vi ønskjer også at du er ryddig, strukturert og serviceinnstilt, samt har gode evner til å skape samarbeid og gode tillitsforhold.

Du har evne til å jobbe sjølvstendig, er løysingsorientert og har stå- på- vilje. Du må like å jobbe med menneske og vere god på å handtere personar i utfordrande situasjonar. Det er elles viktig med gode generelle datakunnskaper. Du har også førerkort for bil (klasse B).

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stilling

Spørsmål om stillingen?

Sverre Ottesen

Telefon

+47 5111801



Vis flere stillinger: