Løyve til bygging av Steinsvik kraftverk

Småkraft AS har i statsråd i dag fått løyve til regulering av Vesle Trevassdalsvatn og Blåfjellvatn og bygging av Steinsvik kraftverk i Volda kommune. Kraftverket skal byggjast ved Tungeelva som ligg i Volda kommune i Møre og Romsdal.

I tillegg til ein årleg kraftproduksjon på om lag 34 GWh per år, vil utbygginga av Steinsvik kraftverk med reguleringane gi demping av flaumane i den svært flaumutsette Tungeelva. - Kraftproduksjonen frå Steinsvik vil gi auka tilgang på fornybar energi, og vere med på å betre kraftsituasjonen i Midt-Noreg. Samtidig legg eg stor vekt på at skadeflaumane blir redusert, til beste for dei som bur langs vassdraget, seier olje- og energiminister Odd Roger Enoksen.