Leiar driftsservice - Forsvarsbygg utleie

Den beste arbeidsplassen er den som fungerar som vidareutdaning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du gjer også. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.

Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektoren sin eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvaret sitt særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg, me er heim for menige og befal og me medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.


FirmaForsvarsbygg
FylkeNordland
StedBodø, Andøy, Harstad
Søknadsfrist23.11.2014

Marknadsområdet har det lokale ansvaret for utleige- og driftsresultatet for eigedomane/det geografiske området det er tildelt, med fokus på å yte service som dekkjer behova til lokale leigetakarar og bebuarar. Marknadsområda forvaltar, planlegg og utfører utleige- og eigedomstenester etter avtale og i samarbeid med dei landsdekkjande tenesteansvarlege. Driftsservice har direkte ansvar for driftstenesta innan marknadsområdet og for at den blir utført innanfor dei fastsette rammene, målsetjingane, lovene og reglane.

Arbeidsstad: Harstad, Bodø eller Andøy.

Forsvarsbygg har sett oss som mål at arbeidsmiljøet vårt skal vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi ønskjer difor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet hjå dei tilsette er balansert. Vi ønskjer å knytte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom personleg og fagleg kompetanse.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • ansvar for å utarbeide driftsavtalar om utføring av EBA-relaterte driftstenester
  • ansvar for at inngåtte avtalar om eigedomstenester i tilknyting til leigeforholdet blir innfridde, inkludert å utføre driftstenester som er dekte gjennom innbetalt forskotsleige etter husleigeavtalen
  • fakturere og krevje inn betaling for tenester etter driftsavtalen innanfor avtalte beløp og til avtalte fristar
  • oppfylle dei økonomiske målsetjingane og nykeltala som er fastsette for marknadsområdet
  • ansvar for at økonomiske og forvaltingsmessige oppgåver og pålegg blir gjennomførte på forskriftsmessig vis, inkludert planlegging og rapportering av HMS og internkontroll for verksemda og dei tilsette i eininga
  • personal-, budsjett- og resultatansvar for eininga

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • minimum 5 års relevant røynsle med EBA
  • leiarrøynsle
  • førarkort kl. B
  • I særlege tilfelle kan ein sjå bort frå mangel på formell utdanning og røynsle dersom ein kan dokumentere at søkjaren har opparbeidd seg tilstrekkelege kvalifikasjonar på anna vis.

Utdanningsnivå

  • Høgskule/Universitet

Personlege eigenskapar

  • strukturert og nøyaktig
  • god samarbeidsevne
  • kundeorientert og serviceinnstilt
  • gode kommunikasjonsevner

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • løn som avdelingsleiar (kode 1407) etter lønsregulativet til staten
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • bedriftshelseteneste

Andre opplysningar

Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Søk her

Kontaktinfo: Martin Fagermo, Stabsleiar (+47) 41 57 54 13

Vis flere stillinger: