Ledig stilling som fagansvarleg for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) i prosjektet E39 Svegatjørn - Rådal

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist22.03.2015

Hausten 2015 startar anleggsarbeida på den nye motorvegen mellom Os og Bergen. Her skal det i alt byggjast 18,5 km ny 4-felts veg, av dette ca. 14,5 km i tunnel. Med ein kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner vert prosjektet eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomførd i Noreg. Om du vil vere med på byggherrelaget, må du søkje no

Vi søkjer etter ein SHA-ansvarleg. Hovedoppgåva di vil vere overordna sikkerheit-, helse-, og arbeidsmiljøansvar i prosjektet. Prosjektet har eigne ressurar som følgjer opp ytre miljø. Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen.

Prosjektkontor skal etablerast på Hamre ved Klokkarvatnet hausten 2015.

Arbeidsoppgaver:

  • Overordna ansvar for oppfølging av sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) i prosjektet i forhold til internkontroll-, byggherreforskrift og øvrig offentleg regelverk
  • Arbeidsleiaransvar for SHA-kontrollingeniørane
  • Vere rådgjevar og pådrivar i prosjektet i SHA-saker med tanke på å etablere ein god SHA-kultur, herunder lage SJA for byggherrens eigne arbeid
  • Sikre at entreprenøren oppfyller kontraktane sine krav til løns- og arbeidsvilkår
  • Oppdatering av overordna SHA-plan
  • Utarbeide beredskapsplan og delta i øvingar
  • Utarbeide og rapportere oversikt over SHA-status i samsvar med fastsette retningslinjer
  • HMS-koordinator for prosjektet sine kontraktar

Kvalifikasjoner og bakgrunn:

Kanskje har du allereie arbeidd på eit stort bygg- eller anleggsprosjekt, men også erfaring frå tilsvarande prosjekt kan vere relevant.

Du har utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år, innan HMS , bygg og anleggsteknisk linje eller annan relevant fagretning, samt erfaring frå systematisk SHA-arbeid, gjerne i samband med utbygging av store samferdsleprosjekt. Du har kunnskap om lovverket innan SHA-området. Det er ønskeleg med erfaring frå arbeidsleiing. Du har også førerkort for bil (klasse B).

Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Vi søkjer etter målretta og sjølvstendige medarbeidarar som arbeider systematisk. Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg og du leier kontrollingeniørane på en profesjonell måte. Vi legg vekt på at du er initiativrik, ryddig, strukturert og serviceinnstilt, samt har gode evner til å skape samarbeid og gode tillitsforhold. Det er elles viktig med gode generelle datakunnskaper.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stilling

Spørsmål om stillingen?

Kari Bremnes

Telefon

51 11 18 32

Sverre Ottesen

Telefon

+47 5111801



Vis flere stillinger: