Kontrollingeniør tunnelprosjekt

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Firma Statens vegvesen
FylkeSogn og Fjordane
StedStryn
Søknadsfrist05.08.2018

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som kontrollingeniør for tunnelprosjekt i vegseksjon Fjordane. Det skal byggast fleire nye tunnelar i regionen vår, og i denne omgang søker vi etter kontrollingeniør til tunnelar i Stryn kommune. Kontorstad vil vere byggherrekontor i Stryn.

Vegseksjon Fjordane har i tillegg ansvar for drift- og vedlikehald på riks- og fylkesvegar og bygging av nyanlegg innanfor gitte rammer.

Stillinga vil vera knytt til byggherrepoolen i Region vest.

Arbeidsoppgåvene vert å:

  • vere ein del av byggeleiinga som føl opp kontrakt med entreprenør
  • rapportere og følgje opp kvalitet og framdrift
  • delta i ulike møte og vere ute på anleggsstaden
  • delta aktivt i HMS-arbeidet
  • bistå i utarbeiding av kontrollplanar

God fagleg tyngd frå faget er ein fordel, men det er like viktig at du kan handtere både kollegaer og entreprenørar på ein god måte.

Kvalifikasjonskrav

Det vert kravd minimum 3-års relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjar må ha førarkort for bil (kl. B).

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi legg vekt på:

  • relevant og tverrfagleg arbeidserfaring, og erfaring frå tunnelfaget er ønskjeleg
  • kunnskap om regelverk innan relevante fagfelt
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • at du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert
  • gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kontaktperson:

Meir utfyllande opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du få hjå seksjonsleiar Tone Anette Espe tlf 959 48 075.

Søk stilling

Vis flere stillinger: