Kontrollingeniør på prosjektet E39 Svegatjørn - Rådal

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist22.03.2015

Hausten 2015 startar anleggsarbeida på den nye motorvegen mellom Os og Bergen. Her skal det i alt byggjast 18,5 km ny 4-felts veg, av dette ca. 14,5 km i tunnel. Med ein kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner vert prosjektet eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomførd i Noreg. Om du vil vere med på byggherrelaget, må du søkje no!

Som kontrollingeniør er du med på å sikre at prosjektet vårt held høg kvalitet og vi skal tilsette fleire kontrollingeniører innan fagområda veg og støytiltak. Kontrollingeniørar innan fagområda tunnel og konstruksjon vert lyst ut på eit seinarere tidspunkt. Stillingane inngår i den regionale byggherrepoolen. Prosjektkontor skal etablerast på Hamre ved Klokkarvatnet hausten 2015.

Arbeidsoppgåver

  • Kontakt og oppfølging av entreprenørar og andre leverandørar, inkludert krav til dokumentasjon og rapportering
  • Oppfølging av HMS, arbeidsvarsling og ytre miljø
  • Deltaking i byggjemøte etter behov
  • Ta del i den daglege kontakten med dei som vert berørte av anleggsarbeida
  • Bistå med utarbeiding av teknisk sluttrapport

Kvalifikasjonar og bakgrunn
Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år, innan bygg- og anleggstekniske fag. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet. Du har også førarkort for bil (klasse B).

Vi søkjer etter omgjengelege og målretta medarbeidarar, både erfarne og nyutdanna, innan fagområda veg og støytiltak. Både kreativitet og evne til systematisk arbeid er viktige eigenskapar i denne jobben, samt gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg. Ein kontrollingeniør må vere initiativrik, ryddig, strukturert og serviceinnstilt. Evne til å samarbeide med entreprenørane våre er heilt avgjerande, og du bør trivast ute på byggjeplassen. Det er elles viktig med gode generelle datakunnskapar. Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stilling

Spørsmål om stillingen?

Kari Bremnes

Telefon

51 11 18 32

Knut B.Langeland

Telefon

908 25 871



Vis flere stillinger: