Ingeniørgeolog til Stavanger

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Firma Statens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist23.11.2014

I Statens vegvesen Region vest er det ledig 1-2 faste stillingar som ingeniørgeolog med kontorstad Stavanger.

Region vest omfattar fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Stillinga er tilknytt Geo- og skredseksjonen ved Ressursavdelinga med arbeidsfelt over heile regionen. Region vest har i tillegg spesialistfunksjon innanfor skred. Seksjonen har i dag 28 medarbeidarar, derav 10 geologar.

Ressursavdelinga har kontor i Leikanger, Bergen og Stavanger, og har eit samla fagmiljø beståande av 6 fagseksjonar med om lag 260 medarbeidarar. Avdelinga er intern tenesteleverandør for Region vest og utfører vegplanlegging på små og store investeringsprosjekt i regionen på ulike plannivå.

Geo-og skredseksjonen har ansvaret for

• Utføre geologisk og geoteknisk prosjektering og rådgjeving

• Geologane på seksjonen er etaten sine spesialistar innanfor skred og skredsikring

• Utføre geotekniske grunnundersøkingar med eigne boreriggar

Arbeidsområdet omfattar geologisk prosjektering, rådgjeving, kontroll og oppfølging i både plan-, bygge- og driftsfasen med følgjande oppgåver:

• Delta i planlegging av veg, tunnel og rassikringsprosjekt

• Oppfølging og rådgjeving i anleggsfasen

• Skjeringsstabilitet og sikring for is og steinnedfall

• Vurdering av rasfare og tiltak

• Tilråding/ tiltak ved akutte rassituasjonar på veg

• Arbeid med regional rassikringsplan

• Ved behov kunne delta i arbeid innan spesiallistfunksjonen for skred

• Oppfølging av privat konsulent innanfor fagområdet geologi

Kvalifikasjonar

• Utdanning frå universitet eller høgskule, på hovudfags- eller mastergradsnivå innan det aktuelle fagområdet.

• God relevant erfaring og ingeniørgeologisk kompetanse er ønskjeleg.

• Ønskjeleg med gode datakunnskapar og bruk av ulike dataverktøy.

• Arbeidsspråket er norsk, så det vil bli stilt krav om god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk.

• Det er nødvendig med førarkort i klasse B.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnadar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Det er ønskjeleg med nokre års praksis frå nemnde fagområde, men nyutdanna kan og søke.

Personlege eigenskapar

• Initiativrik, samfunnsengasjert og resultatorientert

• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

• Evne til og motivert for å arbeide i større faggrupper

• Gode evner til å jobbe sjølvstendig og strukturert

• Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø

Stort engasjement, god struktur og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø, som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar innan fagfeltet ditt. Me gjev deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og me treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Me tilbyr desse goda

• Introduksjonsprogram og fadderordning

• Fleksitid og gode ordningar for avspasering

• Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse

• Etatsskular og gode høve til fagleg påfyll

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydelege og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar, og sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har mulegheit for fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte. Medarbeidarane våre fortel om spennande og utfordrande arbeidskvardagar, men med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen ønskjer mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilretteleggje arbeidstilhøva dersom du har behov for det.

Dersom du har teke utdanninga di i utlandet, må den verte godkjend av NOKUT ( www.nokut.no)

Me gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjord sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Vi tilbyr løn etter nærmare avtale i høve etaten sin lønnspolitikk. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot til pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

For nærmare informasjon om stillinga kan du kontakte seksjonsleiar Stein Olav Njøs, tlf 57 65 58 96 eller 95 19 18 55 eller epost stein.njos@vegvesen.no

Søk stillinga her

Vis flere stillinger: