Industrirådgjevar Norconsult Årdal

Norconsult AS er med sine 3000 tilsette Norges største fleirfaglege rådgjevar retta mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tenester nasjonalt og internasjonalt knytt til bygg og eigedom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerheit, vatn og avløp. Selskapet er eigd av dei tilsette. Hovudkontor er i Sandvika, og det er meir enn 80 andre kontor i Noreg og utlandet.

Firma Norconsult
FylkeSogn og Fjordane
StedÅrdal
Søknadsfrist12.12.2016

Vårt kontor i Årdal har behov for sivilingeniørar/ingeniørar innan maskin, prosess og konstruksjonsteknikk for norsk og internasjonal industri. Norconsult har eit sterkt og breitt fagmiljø innan industrirådgjeving.

Industrien er ei næring i krevjande omstilling, der gode løysningar og gode prosessar er avgjerande for god lønsemd og bærekraftig utvikling. Som Norges største tverrfaglige rådgjevarselskap, med meir enn 80 års erfaring i industriprosjekt innan dei fleste industrigreiner, har vi gode føresetnader for å skape meirverdi for industriselskapa.

Vi arbeider også tett saman med andre fagdivisjonar om både små og store oppdrag i Norge og i utlandet. Sentrale fagområde er konstruksjonar, faseplanar, anleggsteknikk og tverrfagleg prosjektering.

Vi søkjer sivilingeniørar/ ingeniørar innan maskin prosessindustri med solid erfaring innan planlegging, konstruksjon og vedlikehald av mekanisk utstyr til prosessindustrien. Vi legg også vekt på kunnskap innan materialar og styrkeberekning.

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving og løysningsutvikling overfor kunde.
  • Prosjektleiing og industriell byggeleiing.
  • Intern oppdragsleiing.
  • Fag- og disiplinansvar i oppdrag.
  • Engineering; Analysar, logistikksimuleringar, dimensjonering og modellering, utarbeiding av spesifikasjonar.
  • Kontakt med våre kundar og samarbeidspartnarar.
  • Oppgåvene kan tilpassast den enkelte sine kvalifikasjonar, ønskje og interesse.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Sivilingeniør / ingeniør med relevant erfaring innan mekanisk- og maskinteknisk prosjektering
  • Gjerne erfaring frå rådgjevande ingeniørverksemd eller entreprenørverksemd
  • Erfaring frå DAK/BIM
  • Kurs og opplæring vil bli gitt
  • Sjølvstendig, kreativ og positiv person med evne til å samarbeide med andre.
  • Fagleg ambisiøs med analytiske evner

Vi tilbyr:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Spennande prosjekt i eit tverrfaglig miljø både innanfor lokalkontor, men også på tvers av Norconsult sine kontorstader i Norge
  • Store faglege utfordringar med mogelegheit til å utvikle deg vidare samen med dyktige medarbeidarar
  • Godt arbeidsmiljø og eit godt sosialt miljø
  • Eigarskap i eiga bedrift
  • Fokus på kompetanse- og personalutvikling
  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv
  • Yngres råd og fadderordning for nyutdanna

Innsending av søknad

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Send søknad

Kontaktperson

Robert Sandvik

Kontorleiar / Mask.ing.

tlf.: +47 91716211

Send e-post

Vis flere stillinger: