Historisk fjordkryssing på Dalsfjordbrua

Ordførarane i Askvoll og Fjaler fekk fredag 1. mars vere dei første som fekk gå tørrskodde over Dalsfjorden, i ei flott markering av at catwalken på Dalsfjordbrua no er ferdig.

Ordførarane var ikkje så høge i hatten då dei gjekk til sengs torsdagskvelden og høyrte vinden ule rundt hushjørnene. Men ved eit lykketreff kom dagen for kryssinga av catwalken midt mellom to lågtrykk, og nær vindstille opphaldsvêr gjorde turen over Dalsfjordbrua til ei hyggjeleg, men spennande oppleving.

- Dette er ein historisk dag, og det er fantastisk at eg og Arve får vere dei to første vanlege personane som får krysse brua. Å gå på catwalken var virkeleg spektakulært. I dag var det roleg og fint vêr, men eg tenker på dei som jobbar her ute i regn, snø og blest, seier Askvoll-ordførar Frida Melvær til vegvesen.no, som på lang sikt håpar at ein kystveg mellom Bergen og Ålesund vil bli ein realitet.

Ho takka Vegvesenet og Sogn og Fjordane fylkeskommune for invitasjonen til markeringa, og med ei flaske alkoholfri sjampanje frå polet i Askvoll i bagasjen, fekk brukryssinga eit flott høgdepunkt då dei to ordførarane skålte midt ute på det luftige bruspennet.

Fjaler-ordførar Arve Helle peikte på at brua vil gje dei to kommunane eit større bu-og arbeidsområde, og heilt nye mogelegheitar for kultur og fritid.

- Det er ikkje tvil om at ferja har vore eit skikkeleg hinder for oss, og eg ser fram til opninga av Dalsfjordbrua i desember, sa Helle.

Fylkesdirektør for samferdsel Velaug Veum var nøgd med at framdrifta på bruarbeida går godt for tida.

- Det blir gjort ein god jobb her på Dalsfjordsambandet, og det skal mange ha takk for. No gler me oss til opninga i desember, og for folk i Dale er det gledeleg at me kan opne Nishammar-tunnelen i juni, seier Veum.

Entreprenør HSM BV frå Nederland gjer no klar for neste viktige arbeidsoperasjon på Dalsfjordbrua. Snart byrjar trekkinga av hovudkablane, kvar med ei vekt på rundt 70 tonn. Kablane skal rullast ut frå store tromlar på Otterstein, opp i tårntoppen, over catwalken og for så å spennast fast på Nishammar på Dale-sida.