Gjennomslag i Borlaugstunnelen på nyåret

Dersom ein held framdrifta vert det gjennomslag i Borlaugstunnelen i månadsskiftet januar/februar 2013.

I alt er det no drive 3700 meter tunnel, frå begge sider. Dermed står det att om lag 350 meter før tunneldrivarane møter kvarandre på midten, melder vegvesen.no.

Anleggsarbeid i rute
- I starten vart vi litt hefta på grunn av ustabilt fjell ved påhogget på Borlaugsida, men under resten av anleggstida har fjelltilhøva vore om lag som forventa, fortel byggjeleiar Sverre Kjos-Wenjum.

- Korleis er det å drive tunnel på vinterstid?
- Det er litt meir utfordrande å jobbe når det er ned mot 20 minusgrader. Det trengs vatn til tunneldrivinga, og sprøytebetongen må halde ein viss temperatur. Men kulda har ikkje senka tempoet, drivinga går i same fart som tidlegare, seier Kjos-Wenjum.

Juleferie
I høve til endeleg frist for ferdigstilling er anlegget om lag i rute. Frå fredag tek tunnelarbeiderane juleferie, og arbeidet startar oppatt 2. januar. I dag er det 15 personar som arbeider i tunnelen, og om lag like mange som transporterer tunnelmasse.

Mesteparten av tunnelsteinen vert frakta til tippen ved brøytestasjonen ovafor Maristova, medan ein lokal entreprenør kjøper noko. Tunnelmassen skal gå til vegbygginga vidare over Filefjellet.

Eigen elektrokontrakt
Etter gjennomslaget er det mykje etterarbeid som skal skje i tunnelen. Det første som skal skje er fullføring av permanentsikring ved bolting. Deretter skal det gravast grøfter og leggjast drensrøyr og trekkerøyr.

- Vegbana skal byggjast opp, og det skal støypast bankett og føringskant. Det er behov for om lag 50.000 kvadratmeter vass- og frostsikring for å sikre tunnelrommet mot lekkasjar. Det skal lagast tekniske bygg for elektroinstallasjonar, og monterast kabelbru gjennom heile tunnelen, fortel Kjos-Wenjum.

Elektroarbeidet i tunnelen skal lysast ut i ei eiga entreprise. Dette skjer i løpet av vinteren 2013, og sjølve monteringa er forventa å starte til hausten.

Tunnelen er dermed nesten komplett, men først etter at elektrokontrakten er ferdig er det klart for siste «finish». Då skal slitelaget med asfalt og oppmerking på plass.

Her kan du fylgje framdrifta i Borlaugstunnelen.