Geodataforvaltar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar.

Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist25.02.2018

Geodataseksjonen har 24 medarbeidarar, lokalisert ved kontora i Leikanger, Nordfjordeid, Bergen, Haugesund og Stavanger, og som tilsett på seksjonen vil du inngå i eit stort fagmiljø. Kontorstad for stillinga er Leikanger.

Seksjonen koordinerer geodataverksemda i Region vest og har landsdekkande spesialistoppgåver for Norge Digitalt, Geovekst, vær- og trafikkdata og Nasjonal vegdatabank (NVDB). Vi har mange spennande arbeidsoppgåver som laserskanning av vegdekke, systemforvaltning av GIS-verktøy og innsamling av temadata.

Om stillinga

Oppgåvene vil i hovudsak vere å skaffe og tilretteleggje data til planlegging og bygging av vegprosjekt. Bestilling av digitale terrengmodellar og behandling av modellerte data kan inngå her.

Jobben er sjølvstendig med stort ansvar og vi legg stor vekt på tverrfagleg arbeid og erfaringsutveksling. Du styrer prosessen sjølv og trekker inn kompetanse frå andre der det trengs. Vi ønsker å legge til rette for utvikling av fagområdet i seksjonen.

Andre oppgåver vil vere:

  • Dataanalyse og temakartproduksjon
  • Fagleg vidareutvikling, rådgiving og brukarstøtte
  • Deltaking i regionale og nasjonale samarbeidsfora

Også andre arbeidsoppgåver innanfor fagområdet kan vere aktuelle.

Kvalifikasjonar og bakgrunn

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan kartfag eller anna relevant fagkrins
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er ein føresetnad, samt førarkort kl. B
  • Du bør ha minimum 3 års erfaring frå geodataverksemd

Det er stadig økt fokus på digitale verktøy og datainnsamling/databehandling og vi er på jakt etter nokon med stor interesse for ny teknologi, samt erfaring i bruk av modellerte data og programmering. Den som blir tilsett er samfunnsengasjert og ynskjer å bidra til ein framtidsretta og digitalisert etat.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg også vekt på

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og lojalitet
  • Fleksibilitet til arbeidsoppgåver
  • Resultatorientert og evne til heilskapstenking

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman.

Du påverkar samfunnsutviklinga og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll
  • Bedriftshytter/bedriftsidrettslag

Løn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Nærare opplysningar kan du få hjå seksjonsleiar Torgeir Bøyum på mobil 99 20 32 12 eller mail torgeir.boyum@vegvesen.no

Søk her