Framleis mildt og vått vêr - høgt tilsig

I årets to siste veker har det kome 4,1 TWh tilsig. Det er dobbelt så mykje som normalt. Fyllingsgraden i dei norske vassmagasina minka med 0,3 prosentpoeng til 67,0 prosent gjennom veke 52. skriv NVE på sine heimesider.

I Midt-Noreg auka likevel fyllingsgraden med 1,3 prosentpoeng, mens det i Nord-Noreg var uendra fyllingsgrad. I begge desse områda var det ein positiv utvikling gjennom veke 51 og 52, samanlikna med åra 2002 og 2003. Kraftforbruket i dei nordiske landa fall monaleg frå veke 51 til veke 52, og var i årets juleveke meir enn 1 TWh lågare enn i tilsvarande veke i fjor. Låg forbruk førde også til fallande prisar på den nordiske kraftbørsen, der gjennomsnittsprisen for kraft i Sør-Noreg enda på 27,0 øre/kWh i årets siste veke. Sjølv om kraftforbruket var fallande, var det stabil produksjon i Sverige. Dette medførte ein kraftig auke av import til Noreg fra Sverige, og førte til ein samla norsk nettoimport på 331 GWh i veke 52. Totalt har det dermed vore ein nettoimport på 0,7 TWh elektrisk kraft til Noreg i 2006.