Ferske bær: Sunt, friskt og godt

Alle ekspertar på kosthald fortel oss at vi knapt kan få i oss nok av frukt og grønt. -Helt greit synes Marie (7) og Ingrid (10). Frå før ligg vi nordmenn på jordbærtoppen, men no er andre bærslag på sterk frammarsj. Bringebær aukar mest, men alle typar ferske bær er populært.

 

 

Grunnen til at vi brukar så mykje ferske bær her i landet, er at vi produserer bær som smakar godt. Samstundes er vi opptatt av antioksidanter og vitaminer. Med andre ord: Sunt, frisk og godt, seier bærforskar Arnfinn Nes i Bioforsk. Som Kviknejentene Marie og Ingrid Grue (bildet), er han glad for at butikkar og torg no har stort tilbod av friske og ferske bær.

Jordbærtoppen
Dei fleste synest våre jordbær smakar betre enn dei som kjem frå land lenger sør, og vi har i oss store mengder jordbær, om lag 6-7 kg. Det er langt meir enn folk et i andre land.
-Regn og uvær øydela mykje for årets jordbærsesong. Det vert dyrka jordbær på om lag 17.000 dekar her i landet i år. Arnfinn Nes trur at produksjonen i år blir redusert til om lag 15.000 tonn, mens bringebær blir stadig meir populær.

Bringebær-trend
De siste åra har vi fått nye og søtare sortar bringebær. Ola og Kari har straks merka det, og dei vil gjerne ha søte og gode bringebær.
-Den viktigaste grunnen til auken er den skotske sorten Glen Ample. På få år har det blitt den største sorten her i landet, og står for meir enn 80 prosent av produksjonen. Glen Ample høver best for konsum, men kan og nyttast som råstoff for industrien.
Produksjonen aukar sterkt, og det blir truleg produsert på om lag 2500 dekar i år. Ein stadig større del vert dyrka i tunnelar, og det sikrar godt og jamn kvalitet og avlingar.

Solbær, rips og stikkelsbær
Men det er også auka interesse for å nytta ferske rips, solbær og stikkelsbær. Dei høyrar til same slekta - ribes på latin, og vert ofte kalla Ribes-arter. Dei har til no for det meste vore nytta som råstoff for foredling av ulike produkt både i heimen og industrien.
-Ny kunnskap og større merksemd om nytten av vitaminer, mineralar, fargestoff og andre antioksidantar er viktig. Innhaldet av antioksidantar er særleg knytt til det raude og blå fargestoffet, og sortar og arter med sterk farge er såleis særleg rike på antioksidantar, seier Arnfinn Nes.

Av Ribes-artene har solbær høgare innhald enn dei andre, og er mellom dei fremste av alle frukt- og bærarter.

Ferskt er sunt
Slike positive eigenskapar er det viktig å ta vare på og nytta best mogeleg. Det beste er å eta bæra ferske. All behandling og foredling for produksjon av saft, syltetøy, kompottar og liknande vil gjera at ein del verdfulle innhaldstoff vert borte.
-Sjølv om vi enno har avgrensa kunnskapar om variasjonen mellom arter og sortar når det gjeld innhald av verdfulle bindingar, veit vi at det er store variasjonar. Det kan og henda at dyrkingstilhøva - klima, jord, tilgang på vatn og næring har verknad. Dette veit vi enno lite om, påpeiker bærforskaren på Kise i Ringsaker.

Framleis aukande
-Det vi veit sikkert er at ferske bær er sunt og at forbruket er sterkt aukande. Det krev litt fantasi for å utvikla gode måtar å nytta dei på, og vi ser no ofte presentasjon av nye og spennande rettar der ferske bær utgjer viktige deler. Vi trur denne utviklinga vil halda fram, så då er ein av utfordringane å utvikla sortar med endå betre smak og andre gode eigenskapar, seier Arnfinn Nes ved Bioforsk Øst.