Firma | Forsvarsbygg |
Fylke | Flere fylker |
Sted | Oslo, Elverum, Sessvollmoen, Lillehammer, Bergen, Rygge, Setermoen, Værnes |
Søknadsfrist | 04.03.2018 |
Vil du vere med å jobbe hos Noregs største eigedomsforvaltar? Ønskjer du å ha ein inspirerande og spennande jobb med høve til å arbeide innan eit breitt fagmiljø? Då er du kanskje rette personen for denne jobben.
Sentral eining Avtale og eigedomsstyring har landsdekkande fag- og prosessansvar innanfor forvaltning, drift, vedlikehald (FDV) og utvikling av eigedomsporteføljen. Vi søkjer etter ein medarbeidar som kan fylle rolla som Fagansvarleg eigedomsdrift. Arbeidsstad kan vere: Oslo, Rygge, Sessvollmoen, Elverum/Terningmoen, Haakonsvern, Setermoen, Værnes, Lillehammer i tillegg til regelmessige arbeidsdagar i Oslo.
Reiseaktivitet: du må rekne med ein del reising i samband med jobben.
Forsvarsbygg skal ha eit arbeidsmiljø prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling og søkjer derfor ei balansert fordeling med tanke på alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ønskjer å knytte til oss nye medarbeidarar som kan påvierke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlege og faglege kompetanse.
Forsvarsbygg er underlagt vilkåra i Offentleglova – jfr spesielt Offentleglova § 25. Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide faglege og effektive arbeidsprosessar samt prosedyrar/malverk i samarbeid med regional driftsleiing.
- Leie, planleggje, gjennomføre, koordinere og implementere ulike utviklingsprosjekt innan ansvarsområdet til avdeling Drift
- Bistå regional driftsleing ved utarbeiding av risikovurderingar knytte til eigedomsdrift
- Bistå i arbeid med oppfølging og videreutvikling av ulike IKT-system; FDV-system, reknskapssystem med vidare
- Gi råd og fagleg oppfølging til leiar Drift sentralt og regionalt
- Praktisk rådgivning som gjeld drift generelt inklusive bruk av FDV-system (Xpand)
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på bachelornivå. Relevant lågare utdanning kombinert med erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Relevant erfaring frå eigedomsdrift
- Erfaring med kvalitetsleiing og leveranseoppfølging knytt til eigedomsdrift
- Erfaring med bruk av data som eit arbeidsverktøy, og bruk av elektronisk FDV-system
- Ønskeleg med relevant erfaring frå omleggings- og effektiviseringsprosjekt (Lean eller liknande) innen eigedomsdrift
- Ønskeleg med erfaring med utarbeiding av kravspesifikasjonar
- Må kunne tryggingsklarerast til Hemmeleg
Personlege eigenskapar
- Resultat- og leveranseorientert
- Gode kommunikasjonseigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Strukturert, effektiv og evnar å handtere fleire parallelle oppgåver samstundes
- Initiativrik
Vi tilbyr
- Løn som senioringeniør/seniorrådgivar (kode 1181/1364; løn frå kr 611 700 - kr 704 800) etter Statens lønsregulativ. Endeleg lønsplassering gjerast etter vurdering av kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
- Fleksibel arbeidstid og betalt overtid
- Utfordrande jobb i ein dynamisk organisasjon
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Av studentar kåra til universum topp 100 mest attraktive arbeidsgivarar
Kontaktinfo: Helge Sigstad, Leiar Drift, Avtale og eigedomsstyring (+47) 414 14 612
Vis flere stillinger: