Eigedomssjef Justissektor

Statsbygg er ein av dei største byggherrane og eigedomsforvaltarane i Noreg, og gjev råd til staten i bygge- og eigedomssaker. Dei 870 engasjerte og dyktige medarbeidarane våre bygger og driftar bygg med meining i heile Noreg og i over femti andre land.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Les meir om inkludering og mangfald her .

FirmaStatsbygg
FylkeOslo
Søknadsfrist28.09.2020

I Eigedomsavdelinga i Statsbygg er det ledig stilling som eigedomssjef. Eigedomssjefen tek hand om eigaransvar for eigedomar innanfor eigen portefølje. Dette inneber totalansvar for kundane i porteføljen. Det er for tida behov for eigedomssjef med ansvar for eigedomar i Justissektor.

Eigedomssjefen skal bidra til overordna strategiar, utvikling og forvalting av eigen eigedomsportefølje og bidra til felles mål for avdelinga. Justissektor har eigaransvar for fengsel, politieigedomar, domstolar, asylmottak, Norges Brannskole og Justismuseet. Stillinga rapporterer til sektordirektør Justis.

Arbeidsoppgåver

  •  Ha ansvar for dialog med kundar (brukarar, direktorat og departement) i eigen portefølje og gjennomføring av kundemøte
  • Ha innsikt i kunden sine behov
  • Inngå, følge opp og reforhandle leigekontraktar og tilleggskontraktar
  • Ta ansvar som eigar andsynes offentlege styresmakter for alle lov- og forskriftskrav
  • Prioritere vedlikehald innanfor eigen portefølje
  • Utvikling av kvar einskild eigedom i samarbeid med dei som tek avgjerda internt og eksternt, medrekna å ta vare på potensialet til eigedomen og fremje forslag til kjøp og sal
  • Ta del i kontraktmessige og kundespesifikke forhold i byggeprosjekta

Eigedomssjefen skal også:

  • Bidra til utvikling av sektorkompetanse og kundeinnsikt innan eigen sektor
  • Ha ansvar for husleigeprosessen i eigen portefølje
  • Sikre god kommunikasjon og ha godt samarbeid med drifts- og vedlikehaldsavdelinga for eigne eigedomar

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på masternivå innan økonomi, juss, eigedom
  • Minimum 5 års relevant erfaring
  • Erfaring frå eigedomsforvalting
  • Erfaring frå kundedialog og kundeoppfølging
  • Erfaring frå kontraktarbeid er ein fordel
  • Det kan bli aktuelt å gjennomføre tryggleiksklarering på nivå Konfidensielt
  • Før tilsetting i stillinga må du legge fram uttømmande og utvida politiattest som kan godkjennast av Kriminalomsorga, jf. Straffegjennomføringslova § 8-1

Personlege eigenskapar

  • Evne til å sjå kunden sine strategiske behov
    Evne til å gjennomføre
    Omgjengeleg, relasjonsbyggar
    Evne til å arbeide planmessig og strukturert

Vi tilbyr

Hyggeleg arbeidsmiljø, overtidsbetaling, god pensjons- og forsikringsordning, fleksitid og støtteordningar for trening. Lønn etter Statens lønnsregulativ frå kr 650 000,- til kr 750 000,- pr. år, avhengig av kvalifikasjonar. For søkjarar som er spesielt godt kvaliifiserte, kan ein vurdere høgare løn. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Kontaktinformasjon

Andrea V. S. Eljarbø

sektordirektør

924 27 503

Søk stilling

Vis flere stillinger: