E39 Svegatjørn Rådal vil koste 5,3 milliarder

Statens vegvesen har no berekna kostnaden på E39 Svegatjørn – Rådal til 5,3 mrd kronar i 2012 verdi. No er prosjektet sendt til Samferdsledepartementet for eksternt kvalitetssikring.

- At kostnaden har auka skuldast at det er gjort nokre endringar på kryssløysninga i Rådalen frå 2010 til 2012. Lengda og tverrsnitt på tunnelane har auka, og vegsystemet langs Fritz C. Riebersveg måtte vi leggje meir om enn opprinneleg planlagt. Det har og vore ein del usikkerheit kring plasseringa av overskotsstein noko som har ført til auka overslag. I 2010 hadde vi ein avtale om levering av stein til Avinor som ikkje er aktuelt lenger, seier Eltvik.

Start på planarbeidet
No har prosjektleiaren fått godkjenning av byrådet for å starte planarbeidet for kor tunnelsteinen på prosjektet skal plasserast. Prosjektet sit med heile 2,4 millionar kubikk med steinmassar i overskot. Oppstart av planarbeidet vert no annonsert med høringsfrist i februar.

Aktuelle områdar
Prosjektgruppa har arbeidd hardt for å finne løysningar for aktuelle områdar for steinmassane. Framlegga er Skiparviken, Langeholmen ro- og padleanlegg, Hordnesskogen, Hordnesvegen/Hordvik, Breivik (Rosemyrane), Sælevatnet og Liavatnet.

- Det er viktig at nokre av desse planane blir godkjende slik at vi kan kome i gong med å utlyse anboda på sjølve bygginga av E39. Dette hastar og eg håper at vi kan få eit vedtak i bystyret til sommaren neste år på kor vi skal plassere steinen, sier Eltvik.