Foto: Statens vegvesen

Dei første kjerneprøvane frå havdjupet på Rogfast

Statens vegvesen brukar offshoreteknologi for å undersøkje fjellkvaliteten før bygginga av Rogfast. Det er første gang kjerneboring frå skip er gjort i samband med bygging av vegtunnel.

Spenninga er stor når mannskapet frå Island Offshore og Baker Hughes opnar røyra som inneheld kjerneprøvane frå rundt 350 meters djupne i Boknafjorden.

Prøvane frå det første holet inneheld mykje glimmerskifer.

– Vi er spente på kva resten av prøvane viser. Når jobben er gjort startar analysane på laboratoriet. Etter kvart skal ei ekspertgruppe vurdere kjerneprøvane, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal.

Nye metodar

I alt borer dei fire hol, det lengste rundt 400 meter, til saman rundt tusen meter. Djupet det borast i er frå 290 meter til rundt 400 meter under havoverflata.

Kontrakten med VTT Maritime er verdt 65 millionar kroner. Underleverandørane Island Offshore og Baker Hughes står for kjerneboringa frå fartøyet «Island Performer».

I to og ei halv veke har dei tilsette på «Island Performer» jobba i Boknafjorden.

Kontroll

– Vi kan ikkje nytte vanlege metodar for å sjekke grunntilhøva når fjorden er så djup og lang som Boknafjorden. Vi når ikkje dei svake sonene med tradisjonelle metodar. Difor bruker vi VTT Maritime, forklarer Espedal.

– I eit prosjekt til 13,8 milliardar kroner må vi ha kontroll på kva vi møter i djupet. VTT Maritime AS hentar opp kjernar frå det djupaste punktet i den planlagde tunneltraseen mellom Kvitsøy og Bokn. Vi treng å verifisere kva for bergartar tunnelen skal gjennom og kva dei svake sonene inneheld. Det er fornuftig å bruke pengar for å få meir kunnskap i den fasen vi er i no, seier prosjektleiaren for Rogfast.