Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er planlagt med byggestart i 2024. Illustrasjon: Red Ant/Statens vegvesen

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er planlagt med byggestart i 2024. Illustrasjon: Red Ant/Statens vegvesen

Cowi tildelt Arna-Stanghelle-kontrakt

Cowi er tildelt den første rådgjevarkontrakten på Fellesprosjektet Arna-Stanghelle. Kontrakten har ein verdi på rundt 40 millionar kroner.

Arbeidet omfattar blant anna detaljprosjektering, utarbeiding av konkurransegrunnlag, utsleppssøknader, forundersøkingar og miljøplaner.

Konkurransen er gjennomført etter anskaffelsesmetoden Best Value Procurement (BVP), og har ifølge Statens vegvesen ein verdi på rundt 40 millionar kroner.

– Cowi har levert det beste tilbodet sett opp mot tildelingskritera, og vi har difor valt å tildele kontrakten til dei. Vi gler oss no til å starte arbeide med konkretiseringsfasen så snart klageperioden er over, seier Gunnar Søderholm i ei pressemelding.

I konkretiseringsfasen skal Cowi beskrive korleis dei vil gjennomføre arbeidet i kontrakten. Endeleg kontrakt vil bli inngått etter avslutning av denne fasen, melder Vegvesenet.

Følgjande selskap deltok i konkurransen:

  • Rambøll-Sweco
  • Cowi
  • Norconsult

Dei andre tilbydarane har ein klagefrist på 10 dagar.