Foran f.v.: Marianne Nærø (prosjektleiar, Statens vegvesen) og Arve Sæter (daglig leder, Christie & Opsahl AS). Bak f.v.: Bragi Freyr Bragason (SVV), Kristian Brøste (prosjektleiar, Christie & Opsahl AS) og Kjell Inge Langlo (byggeleder, SVV). Foto: Statens vegvesen

Christie & Opsahl skal bygge ny ferjekai i Liabygda

Statens vegvesen skreiv nyleg kontrakt med Christie & Opsahl AS om bygging av ny ferjekai i Liabygda.

Kontraktsummen er 21 410 890 kr eks. mva. Kontrakten inneber å rive dagens ferjekai og bygge ny kai på same plass.

Den nye kaia skal byggast på same plass som den eksisterande kaia og blir lik som den nye kaia på Stranda, med ferjekaibru på 9*18m og ei tilleggskai på 75m. Den nye kaia gir betre framkjømd og er tilpassa ferjetrafikken i framtida. Ferjetrafikken skal gå som normalt i byggeperioden og det blir derfor lagt opp til mykje kvelds- og nattarbeid mens ferja ligg til kai i Stranda, melder vegvesen.no.

- Vi skal no gjennom ein samhandlingsperiode med entreprenøren, og startar bygginga like etter påske. Sidan det blir ombygging med ferjetrafikk må vi oppmode trafikantane om å vere ekstra merksame når dei køyrer av og på ferja, seier prosjektleiar Marianne Nærø.

I en periode på tre veker må ferjekaia stengast heilt mens sjølve ferjekaibrua skiftast ut, då skal ferja gå til Linge ferjekai.

- Tidspunkt for stengeperioden må planleggast i samarbeid med entreprenør, vi kjem tilbake med meir informasjon seinare, seier Nærø.