Byggjeleiar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedAskøy
Søknadsfrist11.12.2016

Vil du vere med på det store vegløftet på Askøy? Vegvesenet er i full gang med Askøypakken, og treng fleire dyktige byggjeleiarar innan faga veg, tunnel og konstruksjon. Prosjektet har ei totalramme på 1 540 millionar over 8 år.

Askøypakken inneheld mange små og store prosjekt, som vi no er i gong med. Det skal byggjast bruer og tunneler, utbetrast eksisterande veg, ny veg i nytt terreng, støytiltak og nytt kommunalt VA-anlegg mange spennande og fagleg utfordrande oppgåver for dei rette personane. Utbyggingsprosjekta er prosjektert modellbasert, og det vil verte mykje nytt å ta tak i.

Prosjektet har etablert prosjektkontor i Rundetårnet på Kleppestø kai, Askøy, der du vil få kontorplass saman med resten av prosjektteamet. Stillingane høyrer til i byggherrepoolen i Region vest, f.t. knytt til vegavdeling Hordaland.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer byggjeleiarar med god forståing for byggjeleiarrolla. Du vil få hovudansvar for teknisk og økonomisk gjennomføring av små og store vegprosjekt i pakken, og må derfor ha fagleg tyngde samt kunne kommunisere og samarbeide godt med grunneigarar, konsulentar, entreprenørar og dei andre i prosjektet.

Hovudoppgåvene for byggjeleiar vil vere:

  • Følgje og bidra i utarbeiding av byggjeplan og tilbodsgrunnlag
  • Leie utbygginga og ha kontakta med entreprenør
  • Leie kontrollingeniørane på prosjekt i samarbeid med dei andre byggjeleiarane på prosjektet
  • Drive HMS-arbeid
  • Utføre kvalitets-, framdrifts- og kostnadskontroll

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, gjerne innan veg-/ arealplanlegging eller tilsvarande
  • Erfaring som byggjeleiar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner, løysingsorientert og stå på vilje
  • Førarkort kl. B

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan ein fråvike kravet til utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Prosjektet bruker tid og ressursar for å skape ei positiv, aktiv og trygg arbeidsgruppe, som vil stå på saman for at prosjektet skal lykkast. Om du har dei rette faglege kvalifikasjonane, og vil bidra til ei god felles gruppe, ser vi fram til å høyre frå deg.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Ingrid Terese Westgård Setnes
mob: +47 95246413

SØK HER

Vis flere stillinger: