Byggjeleiar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Firma Statens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist25.03.2015

Med ein stadig aukande trafikk og krav til ein trygg og god trafikkavvikling vert det stilt store krav til den elektrotekniske infrastrukturen. Dette vert løyst blant anna gjennom avanserte styrings- og overvakingssystem, varslingssystem, ny og betre vegbelysning i tunnelar og langs vegnettet forøvrig.

Statens vegvesen har ansvar for å planleggja, prosjektera, implementera og drifta både infrastrukturen og systema. Vi søkjer no ein dyktig byggjeleiar som kan bidra i dette arbeidet.

Stillinga er knytt til byggherrepoolen i Region vest, for tida ved vegavdeling Hordaland, vegseksjon Bergensområdet.

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og vedlikehald av elektriske installasjonar i tunnelar og på veg i dagen
  • Planlegging og anbodsutarbeiding ved oppgradering og nye installasjonar
  • Oppfølging av drifts- og vedlikehaldskontraktar og ordinære byggeprosjekter
  • HMS- ansvar for eigne prosjekt
  • Utvikla vegvesenet sitt drifts- og vedlikehaldssystem
  • Diverse sakshandsaming

Kvalifikasjonskrav og bakgrunn:

Eksamen frå universitet eller høgskule, min. 3 år, linje for elkraftteknikk/ elektriske anlegg. Søkjarar med eksamen frå 2-årig teknisk fagskule, same linjeval, og med brei relevant erfaring vil også bli vurdert. Fagbrev gr. L er også ynskjelig. Du må ha førarkort for bil (kl B).

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Det vil vere ein fordel med erfaring frå installering og drift av industrianlegg, samt samferdselsanlegg. I tillegg bør du har kompetanse for å kunne medverke til gjennomføring av internkontrollsystemet for elektrotekniske arbeider i regionen.

Vi legg vekt på at du har:

  • kunnskap om lover, forskrifter og regelverk innanfor fagområdet
  • evne til å jobba sjølvstendig og medverke til eit godt arbeidsmiljø både internt og i forhold til entreprenørane
  • fleksibilitet til arbeidsoppgåvene evne til å jobbe målretta og strukturert
  • god munnleg og skriftleg uttrykksform

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stilling

Spørsmål om stillingen?

Arild Hegrenæs

Telefon

55 51 62 27

Vis flere stillinger: