Byggjeleiar for driftskontrakt Hardanger

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedOdda
Søknadsfrist20.11.2016

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som byggjeleiar for driftskontrakta Hardanger. Stillinga inngår i byggherrepoolen i regionen, og er f.t. knytt til vegseksjon Voss og Hardanger. Kontorstaden for stillinga er Odda, men ein del reising innan kontraktsområdet må påreknast.

I denne stillinga vil du vere ein del av vegseksjonen sine medarbeidarar, og du vil inngå i det faglege felleskapet vi har. Dei fleste oppgåvene dine vil vere knytt til drift av kontrakta, men du vil og få gode moglegheiter til å utfordre deg sjølv på oppgåver du ikkje har prøvd før. Vi er gode på å gje ansvar og tillit til den enkelte, og no er vi på jakt etter ein ny person som kan bli med oss på vegen framover.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein byggjeleiar som forstår og kan løyse utfordringane vi har i ein driftskontrakt. Du får det tekniske og økonomiske hovudansvaret for gjennomføringa og evalueringa av kontrakta. God fagleg tyngde som byggjeleiar er ein føresetnad, men det er like viktig at du kan handtere både grunneigarar, konsulentar og entreprenøren på ein god måte. At du har fokus på og forstår kor viktig godt HMS-arbeid er, legg vi vekt på i ei slik stilling. Oppgåvene er elles omtala i Statens vegvesen si Handbok R760 Styring av utbyggings-drift-, og vedlikehaldsprosjekt.

Kvalifikasjonar og bakgrunn

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fåvikast.

Det er ønskjeleg med røynsle frå drift- og vedlikehald av vegar. At du er kvalitetsbevisst og god på dokumentasjon av tiltaka er og viktige eigenskapar. Du kan gjerne ha vore byggjeleiar på bygg- eller anleggsprosjekt før, eller du har erfaring frå andre offentlege prosjekt. Dette er likevel ikkje eit krav til stillinga, og du kan såleis og ha anna relevant arbeidserfaring.

- og kan du i tillegg seie om deg sjølv:

  • eg er resultatorientert og tek initiativ til gjennomføring
  • eg er fleksibel og er ein lagspelar
  • eg har evne til å arbeida sjølvstendig og leverer

- då må du ikkje nøle med å sende søknad!

Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg skriftleg og munnleg på norsk, slik at du kan utføra arbeidsoppgåvene sjølvstendig.

Stillinga føreset at du har førarkort klasse B.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Lars Øyre
tlf: +47 53650102
mob: +47 90825865

Søk på stillinga her

Vis flere stillinger: