Byggforsk om beslag mot nedbør

Utforming av beslag mot nedbør løysest ofte ad hoc på byggeplass av andre enn fagutdanna blikkenslagarar. Uheldig utforming er ôg delvis eit resultat av at arkitektar let estetiske hensyn gå foran dei praktiske ved å gjere beslaga så knappe som mogleg, heiter det i ei melding fra Byggforsk.

Dårlege løysningar og manglande fagutføring gir ofte skadar etter kort tid. Byggforsk viser i Anvisning 38 - Beslag mot nedbør korleis beslaga må vere for å hindre nedbør i å trenge inn og skade bygningar. Anvisninga følgjer systematisk bygningsdel for bygningsdel, og er eit verktøy til bruk ved planlegging og praktisk arbeid med beslag. Anvisninga gir anbefalte løysningar for ei rekke problemområde. Gjennomgang av skadeerfaringar med eksisterande beslag dannar grunnlaget for anbefalingane. Enkelte feil er gjengangarar. Sålbenk- eller vannbrettbeslag utgjer så mykje som ein tredjedel av skadesakene i tilknyting til beslag for avskjerming mot nedbør. Skadar i tilknyting til gesimsbeslag utgjer ein fjerdedel av alle skadesakene. Med få unntak er skadesakene lokalisert til kystnære område, der det er særleg mykje vind, slagregn og snøfokk. Størsteparten av feila i tilknyting til beslag kan erfaringsmessig sporast tilbake til andre enn fagutdanna blikkenslagarar. Beslagsdetaljar blir meir eller mindre heldig løyst på byggeplassen, ofte fordi dei ikkje er tilstrekkeleg planlagt. Manglande fagutføring gir gjerne utilfredsstillande løysingar. Beslaga blir feil utforma, feil montert, og også mangelfullt festa til underlaget. Mange arkitektar sitt ønske om å gjere beslaga så knappe som mogleg, gir ofte misfarging og tilsmussing av elles fine fasadar. Anvisning 38 - Beslag mot nedbør har mange foto og figurar, kostar kr. 290,- og kan tingast frå Byggforsk, tlf. 22 96 55 55, faks 22 96 55 08, e-post Klima 2000 Anvisinga er utarbeid innanfor FoU-programmet Klima 2000. Hovudmålet med programmet er gjennom forsking å utvikle prinsippløysingar for konstruksjonar som gir auka motstandsevne ved ytre klimapåkjenningar. I tillegg skal programmet kartlegge moglege verknader av klimaendringar på det bygde miljøet - og korleis samfunnet best kan tilpasse seg endringane. Programmet blir leia av Byggforsk og gjennomføres i samarbeid med Forsvarsbygg Utbyggingsprosjektet, Husbanken, Statsbygg, Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH), Oslo kommune Undervisningsbygg Oslo KF, Ventilasjons- og Blikkenslagerbedriftenes Landsforbund (VBL) og Statens bygningstekniske etat (BE), samt andre fagmiljø og sentrale aktørar i BAE-sektoren. Programmet vart starta i august 2000 og vil vare til utgangen av år 2006. Heimeside: