Byggeleiar innan investering og vedlikehaldsprosjekt

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet.

Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Firma Statens vegvesen
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist19.08.2018

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som byggeleiar med kontorstad på Leikanger. Arbeidsområde er i hovudsak Sogn.

Byggeleiarstillinga inngår i byggherrepoolen i Region vest, men vil f.t. vere knytt til vegseksjon Sogn, vegavdeling Sogn og Fjordane. Seksjonen er i dag organisert med 39 årsverk, og har ansvar for drift, vedlikehald og investeringstiltak.

Stillinga er innan investering og vedlikehald retta mot små og mellomstore prosjekt som nybygging og trafikksikkerheitstiltak. Vi ynskjer søkarar med byggeleiarfagleg kompetanse og med kjennskap til ordinær drift av vegnettet, men nyutdanna vil også blir vurderte.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for utarbeiding av tilbodsdokument åleine eller i samarbeid med andre
  • Leie den kvalitetsmessige, kontrakts-/ avtalemessige, økonomiske og tekniske kontroll av entreprenøren sitt arbeid
  • Rapportere om kvalitet, framdrift og økonomi til prosjektleiar
  • Ansvar for byggemøte og referat
  • Bidra til å nå etaten sine mål innan HMS/ HMS-koordinator i byggefasen
  • Ansvar for den daglege kontakten med alle offentlege etatar, grunneigarar og andre som blir råka av anleggsarbeida
  • Andre oppgåver innanfor byggjeleiing og teknisk kontroll

Ein må rekne med noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattarbeid i periodar.

Kvalifikasjonskrav

Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan relevant fagkrins

Stillinga set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B)

For søkjarar med 2-årig teknisk fagskule samt sterk og allsidig relevant erfaring frå det aktuelle fagområdet, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi vektlegg

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • Praktiske og løysingorienterte tilnærmingar og vurderingar
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver og kjennskap til kontraktsarbeid
  • Ryddig, strukturert og med god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • God samarbeidsevne

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Kontaktperson

Nærare opplysningar kan du få hjå seksjonsleiar Eivind Yttri tlf 908 30 854.

Søk stilling

Vis flere stillinger: