Byggeleiar banestraumforsyning

Bybanen skal være ryggraden i framtidas kollektivsystem i Bergen og er eit av dei to største enkeltprosjekta i Bergensprogrammet. Bybanen Utbygging er byggherre for utbygging av Bybanen i Bergen. Vi har levert to byggesteg på planlagt tid og budsjett. Byggesteg tre frå Lagunen til Flesland vert bygd nå, og ein har byrja å planlegge byggetrinn fire. Bybanen Utbygging er direkte underlagd Fylkesrådmannen og har ansvar for prosjektering og utbygging av framtidige byggesteg. Les meir på www.bybanen-utbygging.no

FirmaBybanen Utbygging
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist21.09.2014

Vi søkjer etter ein dyktig byggjeleiar innan elektrofag til Bybanen Utbygging.

Prosjektet vert gjennomført i nært samarbeid med eksterne entreprenørar, leverandørar, konsulentar og andre oppdragstakarar. Oppgåvene ved kontoret er i hovudsak å planleggje og gjennomføre større anskaffingar, kontrahere samarbeidspartnarar og i ettertid styre, kontrollere og følgje opp desse.

Arbeidsoppgåver

Du vil få ansvar for Banestraumforsyningsanlegget, som består av høgspent, likerettar og kontaktledningsanlegg. Du vil og vere ein del av fagmiljøet som følgjer opp dei andre elektro disiplinane. Du vil i det daglege følgje opp prosjektering, grensesnitt med andre system/ fagfelt, bygging og testing/idriftsetting. I stillinga rapporterer du til prosjektleiar Elektro og Mekanisk.

Kvalifikasjonar:

Søkjar bør ha erfaring innan eit eller fleire av følgjande fagområder: energiforsyning, kontaktledningsanlegg, høgspentanlegg eller elektro, gjerne med særskild kunnskap innan eit eller fleire av områda. Du er sjølvstendig, strukturert og ryddig og har utdanning som ingeniør/ siv.ing elektro, alternativt teknisk fagskule med lengre erfaring eller tilsvarande. Vidare er du vant til å leia prosjekter. Spisskompetanse innan eit eller fleire fagområde vil vera ein fordel, men ikkje eit krav. Grundig opplæring vil bli gitt for rett kandidat. Byggeleiarbanestraumforsyning må i tillegg beherske engelsk som arbeidsspråk i høve til utanlandske kontraktørar.

Vi tilbyr:

- Løn etter avtale

- Varierte utfordringar og moglegheit for fagleg utvikling i eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.

- Fast tilsetjing i Hordaland fylkeskommune

Søknadsfrist: 21.09.2014

For å søkje stillinga gå til www.hordaland.no\jobb

Vis flere stillinger: