Bruplanleggar - Bergen, Stavanger og Leikanger

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeFlere fylker
StedBergen, Stavanger eller Leikanger
Søknadsfrist05.10.2014

Har du erfaring med prosjektering av bruer? Vil du ha større innverknad på kva prosjekt du får arbeide med? Kunne du tenkje deg og vere med å bidra i alle fasar, frå reguleringsplanarbeid til ferdig konstruksjon? Då har du høve til det hjå oss.

Bruseksjonen i Statens vegvesen, Region vest, søkjer etter nye medarbeidarar til våre kontorstadar i Bergen, Stavanger og Leikanger.

Seksjonen har som hovudoppgåve å utarbeide byggeplanar og konkurransegrunnlag i eigen region, men seksjonen har òg ein spesialistfunksjon innan betongbruer med prosjektering også i andre landsdelar. Dette gir oss tilgang på mange spanande og varierte prosjekt, som frittframbygg bruer, hengebruer, kassebruer og andre betongkonstruksjonar på hovudvegnettet vårt.

Viktige arbeidsoppgåver vil vere:

  • Prosjektering av nye konstruksjonar. For det meste bruer i betong, men også i stål og tre, samt rasoverbygg, tunnelportalar, kulvertar, ferjekaiar mm.
  • Prosjektering i samanheng med rehabilitering av konstruksjonar Utarbeiding av konkurransegrunnlag
  • Oppfølging i byggefasen
  • Anskaffing og styring av konsulentoppdrag
  • Bistand i reguleringsplanfasen
  • Handbokarbeid
  • Kontroll og godkjenning
  • Bruklassifisering

Kvalifikasjonskrav:

Eksamen frå universitet eller høgskule med relevant linje- og fagkombinasjon. Fortrinnsvis utdanning med mastergrad, men bachelor-utdanning vil òg bli vurdert. Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Erfaring frå bruprosjektering er ønskjeleg, men er du nyutdanna eller har anna relevant erfaring, oppfordrar vi deg til å søkje

God kjennskap til DAK-verktøy som AutoCad/ NovaPOINT, analyseprogram for rammer/plater og generelle program som Excel og Word vil vere ein fordel.

Personlege eigenskapar som vil verte vektlagd: Evne til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig, strukturert og ha stå-på-vilje for å få gjennomført oppgåvene.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt.

Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og muligheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll

Lønn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om vedkomande har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Søk stillinga her