Bøkeskogen i Larvik angrepet av sopp

Bøkeskogen i Larvik har fått store angrep av Phytophtora-sopp.

Auka forekomst av bøk, or og blåbær som er angripne og sjuke av Phytophtora-soppar gir grunn til bekymring. Angrepa er særskilt store i og omkring bøkeskogen i Larvik.

Gjennom prosjektet «Phytophthora trugar norsk bøk (Fagus sylvatica)», som vart oppretta på grunnlag av funn i prosjektet «Grøntanleggshygiene» i 2011, er det no slege fast at angrep av Phytophthora er omfattande i bøkeskogen i Larvik.

Soppen er også å finna på bøk ved andre lokalitetar i Sør-Noreg. Under kartlegginga ved Larvik fann ein også Phytophthora-symptom på or (Alnus incana) og blåbær (Vaccinium myrtillus). Prosjektet har fått støtte frå Norsk genressurssenter.

Planteøydeleggjar i mange variantar
Slektsnamnet Phytophthora tyder planteøydeleggjar (phyto = plante, phthora = øydeleggjar). Slekta inneheld rundt 120 artar og nye oppstår stadig ved at ulike Phytophthora-artar kryssar seg. Dei høyrer til eit eige rike (Stramenopila) på linje med sopp-, plante- og dyreriket. Den alvorlege tørråtesoppen på potet er og ein Phytophtora-art.

Dei fleste artane av Phytophtora er jordbuande og dannar svermesporar som kan spreia seg i fuktig jord og vatn. I tillegg dannar dei såkalla kvilesporar som kan liggje i jorda i årevis og vente på rett vertplante. Kvilesporane kan spreia seg med infisert jord på reiskapar, køyretøy, sykkelhjul, fottøy, hundelabbar m.v. Phytophthora er avhengig av fuktige tilhøve for å infisera planter, noko som forklarar kvifor angrepa er størst i dei våtaste områda i bøkeskogen i Larvik.

Bøkeskogen i Larvik
Per september 2012 var det registrert Phytophthora-symptom på 49 tre. Dei fleste sjuke trea vart funne i eit området nord for Bøkekroa og i eit område med gransumpskog, der høvesvis 16 av 329 tre (4,9 %) og 12 av 680 tre (1,8 %) hadde tydelege Phytophthora-symptom. Dei resterande 21 sjuke trea var fordelt rundt i skogen, men det var ein klar tendens til at infiserte tre låg langs stiar der det er mykje ferdsel.

Det er arten P. cambivora som gjer skade i bøkeskogen i Larvik. P. cambivora og andre jordbuande Phytophthora-artar angrip røtene på trea og spreier seg oppover stammen. Det fører til at leiingsvevet kollapsar og dermed hindrar transporten av plantesaftene. Dette fører til at trykket aukar og presser væske utover. Det dannar seg då såkalla ”blødande” sår som etter kvart ser ut som tjærefarga flekkar i barken (Figur 1). Under flekkane vert vevet raudbrunt og trea vert til slutt ringa. Angrep fører til glisen, gul krone, fordi bladverk, kvistar og greiner ikkje får nok vatn og næring.

Symptom på bøk andre stader
Bioforsk har analysert prøver av bøk med Phytophthora-symptom frå Ålesund, Bergen, Stavanger, Haugesund, Ås og Oslo. I Stavanger og Oslo skuldast skaden P. plurivora og i Bergen og Ås P. cambivora. Begge er kjente skadegjerarar på bøk i mange europeiske land. I prøvene frå Haugesund og Ålesund er det hittil ikkje fastslege kva Phytophthora-art det er tale om. Skade av Phytophthora pseudosyringae på blåbær ved i august 2012. Foto: Venche Talgø

Skader på andre planteartar
Under kartlegginga i Larvik fann ein også tydelege Phytophthora-symptom på or og ville blåbær. Det er ikkje isolert prøver frå dei sjuke oretrea, men Bioforsk reknar med at skaden skuldast P. alni, ein Phytophthora-art som mellom anna gjer stor skade på or i Sverige og som nyleg også vart funnen i Noreg (sjå lenke nedanfor). På blåbæra er det slege fast at skaden skuldast P. pseudosyringae, ein art som også drep blåbærlyng i England.

Aktuelle tiltak
Når ein først har fått inn Phytophthora-smitte i eit område er det nærast uråd å verta kvitt smitten på grunn av sporane i vatn og jord. Kor raskt sjukdomen vil spreia seg på bøk og andre treaktige vekstar er lite kjend, like eins kor stort skadeomfanget vil verta eller kor lang tid det tek før angripne tre/planter daudar.

All røynsle frå andre land tilseier at det er viktig å setja inn tiltak som avgrensar spreiinga og skadeomfanget, dvs:

Unngå ferdsel utanfor stiane då infisert jord på fottøy kan forflytta smitten til nye område
Ikkje kaste hageavfall i eller ved skog- og naturområde då slikt materiale kan innehalda Phytophthora-smitte
Ikkje flis opp sjuke tre til bruk på stiar
Drener fuktige område
Fell daude tre og ta dei bort når marka er frosen, helst med snødekke, for å hindra at infisert jord vert spreidd med virke, maskinar og reiskapar
Unngå flytting av jordmassar frå infisert område.

Artikkelen er skrevet av Skog og landskap. Her kan du lese mer.