Ber om auka rammer til fylkesvegane i Hordaland

Samferdselsutvalet i Hordaland ber om at rammene til fylkesvegane blir auka. Situasjonen for fylkesvegnettet er alvorleg, og standarden vil bli redusert dei næraste åra utan auka løyvingar.

Samferdselsutvalet har vurdert dei økonomiske rammene til fylkesvegane med tanke på strategiske omprioriteringar innanfor dei ulike drifts- og vedlikehaldsområda av fylkesvegnettet, men konkluderer med at dei ikkje vil gjere omprioriteringar. Men innsparingar frå konkurranseutsetting av funksjonskontraktar vil dei prioritere til asfaltlegging og anna nødvendig vedlikehald. Samferdselsutvalet ber fylkesordføraren og fylkesutvalet om å ta initiativ overfor sentrale styresmakter for å få auka rammene til fylkesvegane og at desse initiativa blir retta inn mot det pågåande arbeidet med statsb