Automasjons-/elektroingeniør

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

FirmaStatens vegvesen
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist29.04.2018

I Statens vegvesen Region Vest har vi ledig stilling som ingeniør innan fagområda automasjon og/eller elektro.

Vi tilbyr spennande og utfordrande oppgåver, der arbeidsområdet i hovudsak vil vere knytt til tunnelrehabilitering og drift av eksisterande tunnelar.

Stillinga er for tiden knytt til vegseksjon Bergensområdet og inngår i den byggherrepoolen. Kontorstad er Bergen.

Arbeidsoppgåver:

  • Du arbeidar innanfor ditt fagområde i både prosjektering, gjennomføring og ferdigstillelse av både investerings- og driftsprosjekt.
  • For automasjonsområdet omfattar arbeidet styre- og overvåkingssystem, samt nettverk og kommunikasjonssystemer. Fiberløysingar og instrumentering er også ein del av desse installasjonane.
  • Innanfor elektro vil oppgavene vere relatert til installasjoner i tunnel, veglys og skiltløysingar med tilhøyrande styresystem.
  • Du deltek også i byggemøte, assisterar byggjeleiarane på drift og investering i utarbeiding og oppfølging av kontrakt, kvalitets- og kostnadskontroll av utført arbeid.
  • Du skal også vere ein ressursperson for andre på seksjonen innen fagområdet.
  • Det vil vere noko kvelds- og nattarbeid i samband med befaringar og oppfølging av entreprenør.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet-/høgskule, min. 3 år, med relevant linje- og fagkombinasjon, t.d. automatiseringsteknikk, kybernetikk, elektro eller liknande.
  • Dersom du har tatt hele eller deler av utdanningen din i utlandet, ber vi om en autorisert oversetjing av dine papir og en godkjenning fra NOKUT (www.nokut.no).
  • Du har min 3 års relevant erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver.
  • Då stillinga inneber stor grad av utarbeiding av skriftlege rapportar og dokumentasjon, samt mykje intern/ekstern kontakt, set vi krav til gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Du må ha førarkort for bil (klasse B).

Vi legg også vekt på at du er:

  • Strukturert og tar initiativ til gjennomføring
  • Kvalitetsbevisst og god på dokumentasjon
  • Kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre
  • At du er fleksibel og løysingsorientert

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktperson

Om du ynskjer meir informasjon om stillinga kan du kontakte:

Prosjektleiar, Katrine Løhne Lahlum, tlf. 95055252

Seksjonsleiar, Arild Hegrenæs, tlf. 55516227

Søk stilling

Vis flere stillinger: