Arealplanleggjar Norconsult Førde

Norconsult AS er med sine 3000 tilsette Norges største fleirfaglege rådgjevar retta mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tenester nasjonalt og internasjonalt knytt til bygg og eigedom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerheit, vatn og avløp. Selskapet er eigd av dei tilsette. Hovudkontor er i Sandvika, og det er meir enn 80 andre kontor i Noreg og utlandet.

Firma Norconsult
FylkeSogn og Fjordane
StedFørde
Søknadsfrist12.12.2016

Norconsult i Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal og Årdal. Vi utfører tenester innan areal- og byplanlegging, veg- og trafikkplanlegging, landskapsarkitektur, industri/maskin (prosess), kraftverk, VVA (veg, vatn, avløp), brannteknikk, byggje- og anleggsteknikk, VVS, elektro, landmåling, byggjeleiing og prosjektadministrasjon. Vi har i dag over 40 medarbeidarar i Sogn og Fjordane.

Norconsult er den største rådgjevaren i Norge innanfor plan, arkitektur, landskap og samferdsel, og dekker alle fagområda som er naudsynte for utgreiing, planlegging og prosjektering av komplette anlegg, frå idé til realisering. Vi utfører ei rekke plan- og utgreiingsoppdrag for offentlege og private kundar i Sogn og Fjordane, og ønskjer å styrke fagmiljøet vårt ytterligare.

Vi har for tida stor og aukande tilgang på oppdrag innan arealplanlegging, og søkjer etter arealplanleggjar med erfaring helst frå praktisk planlegging. Vi ønskjer primært tilsetting ved Førde-kontoret vårt, men andre kontorstadar i Sogn og Fjordane kan vere aktuelle.

Arbeidsoppgåver:

  • Moglegheitsstudiar
  • Utarbeiding av reguleringsplanar og/eller kommunedelplanar
  • Planomtalar og konsekvensutgreiingar på ulike plannivå
  • Byforming
  • Oppdragsleiing og tilbodsarbeid innanfor faget
  • Tverrfagleg samarbeid med andre fag
  • Oppgåvene kan tilpassast den enkelte sine kvalifikasjonar, ønskje og interesser.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Høgskule eller universitetsutdanning innan arealplanlegging, planarkitektur, landskap
  • God norsk formuleringsevne, skriftleg og munnleg
  • Sjølvstendig, kreativ og positiv person med evne til å samarbeide med andre
  • Fagleg ambisiøs
  • Erfaring frå bruk av Focus Arealplan, AutoCad, NovaPoint, Civil 3D eller liknande

Vi tilbyr:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Spennande prosjekt i eit tverrfagleg miljø både innanfor lokalkontor, men også på tvers av Norconsult sine kontorstader i Norge
  • Store faglege utfordringar med mogelegheit til å utvikle deg vidare samen med dyktige medarbeidarar
  • Godt arbeidsmiljø og eit godt sosialt miljø
  • Eigarskap i eiga bedrift
  • Fokus på kompetanse- og personalutvikling
  • Regionale og landsdekkande faglege nettverk som du vil bli ein del av
  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv
  • Yngres råd og fadderordning for nyutdanna

Innsending av søknad

Søknad med CV, vitnemål og attestar sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Send søknad

Kontaktperson

Lars-Idar Vegsund

Avdelingsleder Førde

tlf.: +47 45404686

Send e-post

Vis flere stillinger: