Alle offentlege vegar skal vere sikra mot ras innan 2030

Nasjonal rassikringsgruppe arrangerer tysdag 8. februar ein nasjonal rassikringskonferanse i Oslo. Gruppa, som vert leia av fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes, krev at alle offentlege vegar skal vere sikra mot ras innan 2030.

 

Programmet for rassikringskonferansen er breitt samansett, og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa slår an tonen med å innleie om regjeringa sitt arbeid for rassikring.

Variert program

NVE har fått det nasjonale ansvaret med å byggje opp ein skredetat i Noreg, og direktør Anne Britt Leifseth vil fortelje om dette arbeidet og kva utfordringar ho ser i tida framover. Skredekspertar frå dei fremste miljøa i Sveits og Austerrike kjem for å gje ei innføring i arbeidet deira med varsling- og sikringsmetodar, sonekart og utdanningsystem.

Representantar frå Statens vegvesen deltek på konferansen for å fortelje om rassikringsarbeidet her i landet. Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Oddvar Flæte, som leia Klimatilpasningsutvalget vil innleie om sårbarheit og tilpassingsbehov som følgje av klimaendringar. Publikum og deltakarar på konferansen får også høyre om korleis menneske som lever med konstant rasfare, organiserer kvardagen sin. Publikum får høve til å stille spørsmål til innleiarane.

Tryggleik og livskvalitet

Leiar for Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, er godt nøgd med å ha fått på plass eit så variert program til konferansen.

– Det er utruleg viktig at løyvingane til rassikring i Noreg vert intensiverte i åra som kjem. Dessverre er det framleis altfor mange som ikkje tek innover seg kor alvorleg det er å måtte leve med rasfare. Det handlar i røynda om tryggleik og livskvalitet for ein stor del av befolkninga i landet vårt, seier Kjelsnes.