Her er gruppa med nye fagarbeidarar i tømrarfaget som fekk fagbreva sine på samlinga til Byggopp Vestland i Førde. Til venstre Rolf Årdal, områdeleiar i Vestland fylkeskommune og Hans Martin Moxnes, direktør i EBA Vestenfjelske. Foto: EBA

Her er gruppa med nye fagarbeidarar i tømrarfaget som fekk fagbreva sine på samlinga til Byggopp Vestland i Førde. Til venstre Rolf Årdal, områdeleiar i Vestland fylkeskommune og Hans Martin Moxnes, direktør i EBA Vestenfjelske. Foto: EBA

70 lærlingar tok fag- eller sveinebrev i Sogn og Fjordane

I 2022 er det 70 lærlingar tilknytta opplæringskontoret Byggopp Vestland i område Nord, tidlegare Sogn og Fjordane, som har teke fag- eller sveinebrev.

Mange av dei møtte fram og vart heidra på eit arrangement på Sunnfjord Hotel i Førde fredag 18. november.

– Kall det gjerne haustens vakraste eventyr. Å sjå dei som no har vorte fagarbeidarar ta imot fag- og sveinebreva sine gjer oss både stolte og glade. Byggenæringa har stor trong for fagfolk, og bedriftene gjer ein framifrå jobb med å gi lærlingane praktisk opplæring i dei ulike faga, seier Hans Martin Moxnes som er direktør i Entreprenørforeningen – Bygg og Anlegg, Vestenfjelske avdeling i en pressemelding. EBA Vestenfjelske administrerer verksemda i Byggopp Vestland.

Fagopplæringa skjer i samarbeid mellom skuleverket og bedriftene, med opplæringskontora som bindeledd. Det var områdeleiar i Vestland fylkeskommune, Rolf Årdal, som fekk æra av å dele ut breva på samlinga for mottakarane og representantar for medlemsverksemder i Byggopp Vestland som har gitt dei opplæring.

Lillian Nummedal Bryn har vore tømrarlærling i HS Bygg i Stryn og vart i 2020 kåra til «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen. I år har ho teke fagbrev og var mellom dei som vart heidra på samlinga til Byggopp Vestland i Førde. Foto: EBA
Lillian Nummedal Bryn har vore tømrarlærling i HS Bygg i Stryn og vart i 2020 kåra til «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen. I år har ho teke fagbrev og var mellom dei som vart heidra på samlinga til Byggopp Vestland i Førde. Foto: EBA

Byggopp Vestland er mellom dei største opplæringskontora i byggebransjen i Vestland og har no kontrakt med 480 lærlingar som får opplæring i bedrift. I område Nord er det innan tømrarfaget, betongfaget, asfaltfaget, glasfaget, malarfaget og røyrleggjarfaget.

– Utfordringa vår har ikkje vore å syte for nok læreplassar, men å kunne levere mange nok lærlingar i høve til etterspurnaden i bedriftene. Rekruttering er såleis den aller viktigaste oppgåva vår, legg Moxnes til.

Men etter mange gode år for byggenæringa, er no Moxnes uroa for marknadsutsiktene.

– Vi har otte for at stans eller utsetjing av planlagde statlege og kommunale bygge- og anleggsprosjekt i 2023, kan gjere det vanskelegare for verksemdene å ta inn nye lærlingar, når den private marknaden for bustader, hytter og næringsbygg samstundes vert råka av renteoppgang og andre faktorar som bremser på aktiviteten, seier Moxnes.

– Bransjen kan leve med at nokre prosjekt vert skubba på, men styresmaktene har eit ansvar for å unngå at vi kjem i ein situasjon som riv ned fundamentet for fagopplæringa i by og land. Landet skal framleis byggjast, og til det vi minst like mange nye fagarbeidarar i bygg og anlegg som dei som fekk diploma sine i Førde, utdjupar han.

Til informasjon er EBA eier av Bygg og Anlegg Media AS som er utgiver av Byggeindustrien/bygg.no.