Med statsbudsjettet svarer regjeringa på dei langsiktige utfordringane Noreg står overfor. Vi skal skape meir og inkludere fleire. Vi skal bidra til at bedriftene kjem i gang igjen over heile landet og at flest mogleg kjem i arbeid. Vi må skapa fleire jobbar, i fleire bransjar, over heile landet. Også forsvarsbudsjettet gir sitt bidrag til dette, står det i ein pressemeldinga frå Forsvarsdepartementet.
Regjeringa foreslår mellom anna å:
* investere om lag 220 millionar kroner i bygg for kavaleribataljonen på Porsangmoen og jegerkompaniet på Høybuktmoen i Troms og Finnmark.
* investere om lag 1,3 milliardar kroner i Evenes flystasjon i Nordland.
* investere om lag ein milliard kroner til Ørlandet flystasjon i Trøndelag.
* investere om lag 350 millionar kroner til Haakonsvern i Vestland.
* finansiere nye kampfly med baseløysning med sju milliardar kroner.
Regjeringa har tatt viktige grep og snudd utviklinga i Forsvaret. Noreg står i dag betre rusta til å ta vare på våre tryggingsinteresser. Forsvaret opererer meir og har eit høgare aktivitetsnivå enn på mange år. Samstundes står Forsvaret overfor store utfordringar i 2021, står det i pressemeldinga.
– Det er krevjande at fleire ting skal gjerast samstundes. Vi har auka krav til reaksjonsevne, til beredskap og evne til å halde ut. Samstundes fortsett moderniseringa av infrastrukturen, vi skal fase ut gamalt materiell og fase inn nytt, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.
Det er i hovudsak Hærens forsyningsberedskap som blir styrka, og totalt er det i 2021 avsett over ein halv milliard kroner til forsyningsberedskap – spesielt ammunisjon, reservedelar og medisinsk forbruksmateriell.
– Gjennom fortsatt og auka satsing på forsyningsberedskap, vil Forsvaret gradvis auke evna si til å tole påkjenningar, og vi legg til rette for ein robust struktur og operativ evne over tid. Betre forsyningsberedskap er høgt prioritert hos forsvarssjefen, seier forsvarsministeren.
- Nøkkelord
- Statsbygg
- Statsbudsjettet