1 års vikariat som grunnervervar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist10.10.2014

Kan du tenkje deg å arbeide med grunnerverv og eigedomssaker og er utdanna jordskiftekandidat, jurist eller har annan relevant bakgrunn, då har vi stilling til deg.

I Statens vegvesen Region vest ved Eigedomsseksjonen har vi ledig stilling som grunnervervar i eitt års vikariat. Kontorstad vil vera Leikanger.

Arbeidsoppgåver:

Eigedomsseksjonen har ansvar for erverv av areal til bygging og drift av riks- og fylkesvegar. Seksjonen har også ansvar for oppmåling og forvaltning av eksisterande veggrunn. Seksjonen har eit samla fagmiljø på vel 50 medarbeidarar i regionen.

Prosjekta våre varierer frå store veganlegg til gang- og sykkelvegar, trafikksikringstiltak og større og mindre drifts- og vedlikehaldsprosjekt. I tida framover vil aktiviteten med nye utbyggingsprosjekt auka vesentleg i vår region og som følgje av det ønskjer vi å styrke bemanninga ved seksjonen.

Den som vert tilsett vil få utfordrande, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan grunnerverv. Som grunnervervar vil du delta i prosjektgrupper for nye vegprosjekt og bidra i heile prosessen frå start av planarbeidet til veganlegget er ferdig bygt.

Kvalifikasjonskrav:

Det blir kravd at du har mastergrad frå universitet/høgskule innan fagområda planfag, eigedomsfag og juridiske fag. For søkjarar som har lang og relevant erfaring innan dei aktuelle fagområda, og som har gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Det er ønskjeleg med erfaring innan fagområdet, men vi vil også oppmoda nyutdanna til å søkje. Søkjaren må ha førarkort for personbil.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Seksjonen har mykje kontakt med eksterne aktørar, og vi legg vekt på gode samarbeidsevner, sjølvstendig og systematisk arbeidsform og god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.

Vi ønskjer at du er initiativrik, engasjert og resultatorientert og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:

Vi kan tilby utfordrande, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan grunnerverv med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Fleksibel arbeidstid. Gode og engasjerte kollegar og godt arbeidsmiljø.

Ein god og mangfaldig arbeidsplass:

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar, og sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Lønsvilkår:

Vi tilbyr løn etter nærare avtale i høve til etaten sin lønspolitikk. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Kontaktperson:

Ta kontakt med seksjonsleiar om du har spørsmål om arbeidsoppgåvene: Odd-Sverre Johansen, tlf. 57 65 57 74 / 951 91 913.

Søk her